— I dag finst det ingen heimel for kommunane til å nekte å ta imot dei nye automatane. Det krevst i tilfelle ein heilt klar lovheimel for å kunne nekte, fastslår professor i offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt, ved Universitetet i Bergen.

Tverrpolitisk semje

— Eit heilt samstemmig, tverrpolitisk sentralstyre i KS står bak vedtaket vårt. Vi vil ha ein lovheimel, akkurat som vi har i alkohollovgjevinga, opplyser KS-leiaren, Halvdan Skard, til Bergens Tidende.

— Vi meiner vi har eit logisk og eit greitt standpunkt, legg Skard til. Rundt 200 ordførarar i landet har stilt seg bak kravet om lokalt sjølvstyre når det gjeld utplassering av speleautomatar.

Sentralstyret i KS er samansett av tre frå Ap, tre frå Sp, to frå SV, ein frå KrF, ein frå V, to frå H og to frå Frp.

Framlegg i Stortinget

Kristeleg Folkeparti har fremja eit framlegg i Stortinget om ei lovendring for å gje kommunane ein slik heimel.

Dette framlegget vart oversendt frå Stortinget til Kulturdepartementet 18. april. Familie- og kulturkomiteen ventar no på svar frå kulturminister Trond Giske om denne saka. Departementet kan i dag ikkje opplyse noko om når departementet kan svare Stortinget.

Men i Stortinget er det i dag neppe fleirtal for å gje kommunane heimel til sjølv å avgjere om dei vil tillate at Norsk Tipping får setje opp dei nye speleautomatane.

Det har vore sterk strid både internt i regjeringspartia og mellom regjeringspartia om denne saka. På Ap sitt landsmøtet vart eit framlegg om å gje kommunane rett til å nekte å ta imot automatane, avvist.

Tysdag i denne veka gjekk både SV og Sp med på å akseptere Giske sitt opplegg om statleg utplassering av nye speleautomatar. Det skjedde ikkje utan motførestellingar. Begge partia har skissert ei rad vilkår. Spesielt er Sp kritisk til speleautomatane. Partiet ønskjer prinsipielt å avskaffe alle speleautomatane.

Milliardinntekter

Det er omsynet til inntektene dei friviljuge organisasjonane har frå speleautomatane som gjer at Sp likevel no aksepterer dei nye automatane.

Automatane har gjeve dei friviljuge organisasjonane milliardinntekter.

Stortingsrepresentant Magnar Lund Bergo (SV) har i fleire år på Stortinget hatt eit sterkt engasjement for tiltak som kan demme opp mot spelegalskap.

Han er sterkt imot å innføre «lokal spelepolitikk» ved å la kommunane avgjere om det skal tillatast utplassering av speleautomatar. Han meiner ein må ha ein nasjonal politikk. Elles vil problema og belastninga bli «skyfla rundt» mellom kommunane.

— Dei nye automatane til Norsk Tipping kan ikkje samanliknast med dei automatane som finst i dag. Eg vil likevel gjere det heilt klart at når ein operer med inntektsmål for avkastinga frå automatane, så må inntektsmålet klart vike for sosiale omsyn om det oppstår konflikt mellom desse omsyna, seier Bergo til Bergens Tidende.

Giganttap

Han viser til at Giske har snakka om eit inntektsmål på i utgangspunkt 940 millionar frå speleautomatane. Det har Giske i neste omgang redusert til 600-700 millionar med dei nye automatane.

— Eg trur for min del at dette målet er heilt urealistisk. Det er meir realistisk å rekne med at organisasjonane vil bli tilførd 200 millionar kroner årleg når dei nye automatane kjem i drift, seier Bergo.

Han legg til at folk med særleg god innsikt i bransjen er samd med han i dette.

Det betyr i så fall eit inntektsbortfall på opp mot 800 millionar kroner i høve til kva organisasjonane er stilt i utsikt.

Fleire politikarar har teke til orde for at organisasjonane i staden for inntekter frå spelegalne nordmenn heller burde få løyvd pengar direkte over statsbudsjettet. Det er hittil avvist.

LOVENDRING: Eit samstemmig sentralstyre i Kommunenes Sentralforbund vil ha ei lovendring som gjev kvar kommune rett til å seie nei til speleautomatar..