OLAV GARVIK

Gjennom åra er det vedteke mange pålegg og lover som har ført til nye, store utgifter for kommunane. Dei sentrale styresmaktene har ikkje følgt opp med tilsvarande løyvingar. Det er no eit etterslep på 6-7 milliardar kroner.

— Eg utfordrar på den bakgrunn regjeringa til å inngå forpliktande avtale med Kommunenes Sentralforbund (KS) med sikte på å eliminera denne underdekninga, seier Apelthun Sæle til Bergens Tidende.

Treng nytt pågangsmot

— Er ikkje kommuneøkonomien i betring?

— Jau, det vart eit løft gjennom budsjetthandsaminga i fjor haust. Sjølv om svikten i skatteinngangen hittil i år er totalt 2,5 milliardar kroner, har kommunane att 4 milliardar av påplussinga i fjor.

Eg registrerte at lokalpolitikarane rundt i kommunestyra var optimistiske i fjor haust. Men etter at ein god del av pengane vart borte på grunn av skattesituasjonen, har pessimismen sige inn att. Skal vi vinna valet neste år, må politikarane rundt i by og bygd få att pågangsmotet. Det er ingen tvil om at dei kjem til kort når velferdstilboda skal sikrast i nærmiljøet. Dei har jo skore til beinet mange stader! seier KrF-representanten vidare.

Ventar «bra» budsjett

— Er du pessimist med tanke på statsbudsjettet som kjem onsdag?

— Nei, slett ikkje. Eg veit faktisk at det er eit bra budsjett som vert lagt fram. Men i tillegg må regjeringa inngå ein avtale som sikrar kommunane dekning av utgifter dei har hatt, seier Anita Apelthun Sæle.