TERJE ULVEDAL

Gaular kommune må kutte tre millionar kroner i eit budsjett som frå før er skrapt til botnar. Bygdelaga i kommunen tek no initiativ til ei kronerulling for å redde stumpane. Mellom 3000 og 4000 kroner frå kvar husstand vil berge økonomien i Sunnfjord-kommunen. Skulestruktur og andre velferdstilbod kan haldast oppe.

— Vi ser på dette som eit livredningstiltak i eit par år for å redde kommunen ut av ei krise. Blir det skulenedlegging vil det ramme kolossalt. Skulane er så viktige at eg trur folk blar opp, seier Gro Haga, leiar i Viksdalen bygdelag.

Grunnleggande demokrati

Professor i offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt, meiner initiativet frå Gaular viser at det er på høg tid at kommunane får høve til å justere sitt eige skatteøre. Han meiner det er svært underleg at kommunane ikkje sjølve skal avgjere kor mykje dei kan krevje i kommuneskatt.

— Det er djupt problematisk at staten skal bestemme kor mykje innbyggjarane i ein kommune vil bruke på seg sjølve. Etter mitt syn strir det mot alle grunnleggjande prinsipp i demokratiet, meiner Bernt.

Professoren, som er rekna som ein av dei fremste ekspertane på offentleg rett, seier norske politikarar bør sjå til Danmark. Der fastset kommunane skatteøret sjølv, samstundes er det ei nasjonal avgrensing om at det totale skattevolumet ikkje skal overstige eit visst nivå. Då Farum kommune blei køyrt til økonomisk ruin, måtte innbyggjarane finne seg i å betale meir skatt i fleire år.

— Vi har eit svært underleg lokaldemokrati. Kommunane har i liten grad herredømme over eigne utgifter, og dei kan ikkje påverke eigne inntekter. Kommunestyra er reine administrasjonsstyre, påpeikar Bernt.

Folkemøte

Initiativet i Gaular kjem på bakgrunn av at kommuneleiinga har informert om den elendige økonomien på folkemøte i alle dei tre sokna. Idèen om ei kronerulling blei lufta på alle folkemøta.

— Dette er sjølvsagt ein ekstraskatt, og vi syns vel alle at det ikkje er slik ein kommune skal drivast. Problemet er at nedskjeringane rammar uforholdsmessig hardt, seier Gro Haga.

I går drøfta kommunestyret den dramatiske økonomiske situasjonen. Gular har alt lagt ned kulturskulen, ei oppgåve dei er pålagt å ha ved lov. No står skulestrukturen for fall, og andre velferdstiltak er i fare.

Jan Fridthjof Bernt meiner kommunen også har eit anna alternativ: Stoppe drifta.

— Mange mindre kommunar greier ikkje å løyse lovpålagde oppgåver. I valet mellom større underskot og å bryte lovverket, er det no gitt ei opning for å innføre betalingsstopp og be staten ta over. Dette er eit middel fleire kommunar bør ta i bruk, meiner professor Bernt.