OVE A. OLDERKJÆRStordDet vedgår ein gartnerieigar overfor Bergens Tidende. Ei studentoppgåve ved Høgskolen Stord/Haugesund konkluderer også med at eit gartneri på Leirvik sannsynlegvis importerte skadesnigelen til Stord.Høgskulestudentane Sigstein Århus, Einar Osland, Ragnvald Nilsen og Jostein Løvtangen har intervjua 132 huseigarar på Stord om brunsnigelen.

Planteimport lettare Snigelen har vore observert lengst og i størst omfang i og nær Leirvik sentrum. Det underbyggjer studentane sin teori om at importerte planter til no nedlagte Leirvik gartneri er utgangspunktet for den store spreinga av iberiaskogsnigelen på Stord. I enkelte hagar blei det i fjor og i forfjor plukka inntil tusen sniglar på ein kveld.

— Eg trur nok at vi har fått snigelen med "på kjøpet" då vi importerte asalea frå Nord-Tyskland på slutten av 1980-talet, seier gartnar Geir Mikkelson på Stord til Bergens Tidende.

— Planteimporten blei den gongen liberalisert. Kven som helst kunne importera planter med jord frå utlandet. Kontrollen frå styresmaktene si side var dårleg, og skjedde gjerne i ettertid via telefaks, seier Geir Mikkelson.

Mikkelson dreiv tidlegare Leirvik gartneri i Leirvik sentrum. Han veit at Nord-Tyskland hadde brunsnigelproblem på slutten av 80-talet, og trur at snigelyngel kan ha lege skjult i jorda på juleasaleaen som blei sendt til Stord.

Til Noreg i 1988 I dag leiar Mikkelson Heiane Hagesenter utanfor Leirvik, og har slutta å importera planter.

— Snigleplaga har blitt ei svøpe for oss og for gartnerinæringa, seier Geir Mikkelson.

På grunn av snigelen er hageeigarar tilrådd å kjøpa knollbegonia, løvemunn, fuksia, petunia, skaugum eller roser som uteblomar. Desse plantene har snigelen til no ikkje synt mathug på, medan tagetes, sommargeorginer, marguerittar og stemorsblom står høgt på menyen.

Iberiaskogsnigelen har gradvis spreidd seg frå Spania, Portugal og Sør-Frankrike og nordover i Europa. Til Sverige kom han i 1975, til Noreg i 1988. Det året skal dei første eksemplara også ha vore observerte på Stord, men det første dokumenterte funnet er frå 1993.

Ein vaksen snigel er på Stord målt til 18 cm. Snigelen er tvekjønna og legg 400 egg, dobbelt så mange som svartsnigelen. Dyret ha ei innebygt frostvæske som gjer at dei yngste eksemplara godt toler overvintring.

EKLE GREIER: Dei er slimete, ekle og gjer stor skade. Brunsniglar har sidan 1980-talet vore hageeigarar sin stor skrekk.