VIDAR YSTAD

Dette seier partileiar og parlamentarisk leiar i Ap, Jens Stoltenberg, til Bergens Tidende.

Stoltenberg legg til at også finansminister Per-Kristian Foss bør tenkje seg nøye om før han på ny forsikrar at økonomistyringa i Forsvaret aldri har vore betre:

— Både forsvarsministeren og finansministeren hevda i oktober at økonomistyringa med Forsvaret aldri har vore betre. Det vart ikkje sagt i eit lystig lag, men frå Stortingets talarstol. Dette er alvorleg, seier Stoltenberg.

- Urovekkande

Stoltenberg meiner det er urovekkande at både forsvarsministeren og finansministeren har gjeve inntrykk av at dei har full kontroll med økonomien i Forsvaret og at det som sidan har kome på bordet viser det motsette.

— Etter at Forsvarsdepartementet fekk klar kritikk frå Riksrevisjonen for økonomistyringa i Forsvaret for 2002- rekneskapen, vart forholda endå verre for 2003-rekneskapen som var så ille at det ikkje kunne godkjennast. Så kjem 2004 med enorme overskridingar, etter det vi veit nå, i milliardklassen.

— Gong på gong har forsvarsministeren sagt at ho skal rydde opp. Det vi nå ser skaper inntrykk av at ho ikkje har forstått alvoret og late vere å treffe dei nødvendige tiltaka, seier Stoltenberg.

— Kor lenge kan Ap og Stortinget sitte som passive tilskodarar til dette?

— Statsministeren har sjølvsagt eit overordna ansvar for å avgjere kva som er akseptabelt. Alle kan gjere feil. Spørsmålet er kor mange feil og kor alvorlege feil ein skal akseptere frå ein statsråd. Det må statsministeren vurdere.

Ikkje mistillit

Stoltenberg legg til at Stortinget skal behandle to saker som gjeld økonomistyringa i Forsvaret i vårsesjonen på grunnlag av innstillingar frå Kontrollkomiteen og Forsvarskomiteen.

— Dette gjeld så alvorlege og viktige spørsmål at det trengst skriftlege svar på skriftlege spørsmål. Arbeidarpartiet og eg er ikkje budd på å konkludere før dette arbeidet er avslutta i komiteane.

— Kan du i dag seie at du har tillit til Krohn Devold som statsråd?

— Det eg kan konstatere, er at det har vore mykje rot og urette opplysningar. Vi har ikkje røysta for korkje denne statsråden eller regjeringa. Men spørsmålet om det skal fremjast mistillit vil det vere gale å ta stilling til før vi har gjennomgått dei konkrete sakene grundig, seier Stoltenberg.