• Vi er ikkje smålege heller, seier eit sentralt regjeringsmedlem, som meiner Jan Petersen gjerne kan bli ambassadør.

BT fortalde i går at Jan Petersen etter valet i 2005 bad partileiar Erna Solberg kontakte utanriksminister Jonas Gahr Støre for å lansere Petersen som kandidat til ei ambassadørstilling.

Det har Solberg ikkje gjort. Men etter det BT no kjenner til har Solberg lufta Petersen sitt ynskjemål med statsminister Jens Stoltenberg, utan at det førebels har ført fram.

Ho har likevel ikkje funne grunn til å gje Petersen nokon tilbakemelding om kontakten med Stoltenberg.

Ifølgje BT sine kjelder tok Jens Stoltenberg sjølv initiativ overfor statsminister Kjell Magne Bondevik for å få tidlegare statsråd Bjørn Tore Godal utnemnd til ambassadørjobben i Berlin. Utnemninga skjedde i desember 2002.

I dag er det også fleire som meiner at Petersen sitt initiativ ved å utnemne stortingsrepresentant Haakon Blankenborg som ambassadør i Beograd i 2005, innebar at Petersen skaffa seg eit «innskot i banken» som ikkje ville svekkje utsiktene til ei ambassadørstilling for han sjølv i neste omgang.

Sterkt ønskje

Det har vore relativt godt kjent i det politiske miljøet at Jan Petersen har ynskt seg til ei ambassadørstilling etter at han gjekk av som utanriksminister. BT er også kjent med at han signaliserte dette underhand medan han ennå var utanriksminister.

Overfor BT blir det no frå regjeringshald framheva at Petersen med 20 års fartstid frå utanrikskomiteen og fire år som utanriksminister er vel kvalifisert til ein jobb som ambassadør.

— Å sende han som ambassadør og representant for regjeringa til Washington, ville ikkje vore aktuelt, men det finst nok av andre ambassadørpostar, seier ei regjeringskjelde.

Samstundes blir det påpeika at det ville vere noko problematisk å la han få gå frå vervet som stortingsrepresentant like etter at ein ny valperiode er innleidd. Det ville gje feil signal.

Men no, to år inn i valperioden, vil det ikkje vere noko problem med å la han få sleppe fri for å bli ambassadør.

Utan påtrykk

— Eg går utan vidare ut frå at også utanriksminister Jonas Gahr Støre har hatt kjennskap til Petersen sine ynskjemål utan å vere avhengig av å få innspel frå partileiaren i Høgre. Om Støre og regjeringa hadde ynskt å utnemne Petersen til ambassadør kunne dei ha gjort det utan påtrykk frå Høgre.

Dette seier lagtingspresident Inge Lønning (H). Han var i førre stortingsperiode nestleiar i utanrikskomiteen og sit no i den utvida utanrikskomiteen.

— Det blir litt søkt å gjere dette til ei intern partisak. Det skjer svært sjeldan at ambassadørar blir henta utanfrå. Det norske diplomatiet har vore eit nærmast reindyrka karrierediplomati, det vil seie med intern rekruttering, seier Lønning.

— Etter mitt syn er det heller ikkje ynskjeleg at slike utnemningar skal gjerast til ei partisak. Initiativretten og plikta ligg hjå den sitjande regjeringa. Det er ingenting som hindrar den sitjande utanriksministeren eller regjeringa i å ta eit slikt initiativ, uttalar Lønning.

Han legg til:

— Om regjeringa skulle ønskje å ta eit slikt initiativ vil ein heller ikkje måtte vende seg til det aktuelle partiet for å be om løyve. Det ville også vere unaturleg.

KAN FÅ JOBB: Jan Petersen
Larsen, Håkon Mosvold