Vidar Ystad

Forvaltningsrettseksperten Bernt, som er professor ved universitetet i Bergen, meiner dagens klagesystem er utilfredsstillande.

— Systemet med klage til Kongen i statsråd over vedtak i eit departement har liten realitet når det er det same departementet som førebur klagesaka for regjeringa, seier Bernt.

- Overprøver seg sjølv

— Regjeringa er i praksis bunden av det saksførelegget det får, og i realiteten bygger dagens system difor på at dei som handsamar klager, overprøver seg sjølv. Men Forvaltningslova krev at det skal skje ei ny, sjølvstendig vurdering av ei sak når eit vedtak blir påklaga. Slik er det ikkje her, seier Bernt.

Ein alternativ klageveg er å klage til Sivilombodsmannen. Han kan prøve avgjerder frå departementet, rette kritikk og gje tilvisingar. Men han har ikkje makt til å omgjere vedtak, og han kan berre prøve om det er «gjort feil eller utvist forsømmelig forhold». Og han kan ikkje prøve vedtak som er gjort av regjeringa.

Uavhengig sekretariat

— Forvaltningsmessig sett ville det vere langt betre om vi fekk ei ordning med eit uavhengig sekretariat, knytt til statsministerens kontor, som kunne førebu klagesakene for regjeringa. Det ville kunne bøte på dei uheldige sidene ved systemet vi har i dag, om uavhengige fagfolk, juristar eller andre røynde tenestemenn, kunne gå igjennom klagesakene på fritt grunnlag - og særleg vurdere om det har vore forsvarleg sakshandsaming og utøvd rimeleg skjøn.

Likebehandling

Bernt meiner at også omsynet til likebehandling og rettstryggleik tilseier ei samordna vurdering av klagesaker i eit slikt sekretariat. I dag kan ein rekne med at det er store skilnadar i praksisen mellom dei ulike departementa med omsyn til kor grundig slike klager blir handsama. Det er uheldig.

Professor Bernt meiner dei funn Bergens Tidende har gjort når det gjeld praksis for klagebehandling gjennom dei siste 10-11-åra, underbygger behovet for ei omlegging.

— Klager over nekting av dokumentinnsyn i departementa, som er ein stor del av klagesakene, er typiske døme på saker som ikkje bør avgjerast endeleg i eit departement, seier Bernt.

BUKKEN TIL HAVRESEKKEN: - Systemet med klage til Kongen i statsråd over vedtak i eit departement har liten realitet når det er det same departementet som førebur klagesaka for regjeringa, seier professor Jan Fridthjof Bernt. ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN