— Ei husmannskontrakt, seier Stein Malkenes i Kystaksjonen.

Denne veka har Næringslivets Kystaksjon lansert seg sjølv i Ålesund og Tromsø. Med profilerte industribyggjarar som Jens Petter Ekornes og John Kleven på laget, håpar aksjonen i første omgang å få ein pause i tildelinga av nye konsesjonar for vindindustri.

— Dei gigantiske vindkraftplanane som eksisterer vil øydeleggje verdas vakraste kyst som reisemål, meiner Stein Malkenes. Florøværingen, som har ei fortid som leiar i Naturvernforbundet, er tilsett som generalsekretær i Kystaksjonen.

Malkenes meiner energiselskapa kjøper seg rett til å byggje vindkraftverk i lutfattige kystkommunar.

Selje er ein av dei kommunane som har akseptert å få slik kompensasjon. Selskapet Vestavind, eigd av Sogn og Fjordane Energi, vil byggje ut ein stor vindmøllepark på Stadlandet. Prosjektet er svært omstridd, og for nokre år sidan fekk Statkraft avslag på eit større prosjekt i nokolunde same området. I følgje ordførar Gunn Helgesen har kommunen takka ja til ein årleg kompensasjon. Ved ei moderat utbygging får kommunen 1,3 millionar, full utbygging vil gje 2,7.

— Økonomisk er dette ein betre avtale enn den vi fekk med Statkraft, seier Helgesen. Ho legg til at dette ikkje betyr at kommunen har sagt ja til vindmølleparken. Det vil først bli teke stilling til når konsekvensutgreiing og reguleringsplan kjem fram for kommunestyret.