Den framståande filosofen Jon Hellesnes tolkar Keiko-saka som ein nytt eksempel på det han kallar sentimentaliseringa av samfunnet, der skillet mellom det private og offentlege rommet vert viska ut.

Hellesnes presiserer at han ikkje har kunnskap til å uttale seg om kva som bør skje med Keiko. Det han seier noko om, er den store interessa for Keiko i media og kva vi kan lese ut av dette.

«Den store interessa for saka viser ein manglande sans for proporsjonar. Det er jo mange menneske og som har det vanskeleg, for å seie det forsiktig», seier Hellesnes.

Sentimentalitet er ikkje noko honnørord hos Hellesnes:

«Ein sentimental person vil gjerne ha gode kjensler om seg sjølv og verda. Han orkar ikkje å ta inn over seg alt det vonde som skjer».

Feil ressursbruk

Hellesnes er kritisk til verknaden av den store merksemda rundt Keiko og liknande saker. Han meiner Keiko-saka har fellestrekk med mange saker der personar og interessegrupper står fram i massemedia.

«Den som verkar menneskeleg varm på den rette måten konkurrerer ut dei som ikkje har anna å by på enn fornuftige løysingar», seier Hellesnes.

Han har sjølv erfaring frå den nasjonale forskingsetiske komité for medisin, og har sett politikarane overprøve faglege vurderingar etter sterkt mediepress, til skade både for pasient og pasientgrupper.

«Det vil vere uheldig for samfunnet om ressursane vert styrt til dei som er i stand til å lage medieoppstyr, og ikkje ut frå saklege vurderingar», seier Hellesnes.

Komplisert samfunn

Dagens moderne samfunn er komplisert. tru på enkle løysingar er eit villspor, meiner Hellesnes. For å treffe gode val et det naudsynt med ein sakleg diskusjon, der argument kjem på bordet og vert vege mot kvarandre.

Men sentimentaliteten gjer det vanskeleg å gjennomføre denne diskusjonen.

Lagnaden til konkrete einskildpersonar eller dyr vil overskugge vurderingane av konsekvensane for andre og førebels ukjende personar.

Symbolpolitikk tek over

I Jon Hellesnes siste bok, «Maska bak andletet» skriv han mellom anna om sentimentaliteten:

«Sentimentaliseringa av det offentlege rommet inneber at ein gir opp ideen om at det finst avgrensa ressursar, objektiv sakstvang og praktisk nødvendige prioriteringar. I staden gjeld det å visa godvilje, sans for mjuke verdiar og evne til å engasjere seg kjenslemessig. «Symbolsk politikk» erstattar forsøket på å løyse problem.»

KONTAKT: Keiko trives i Skålvikfjorden på Nordmøre, kan det sjå ut som. FOTO: SCANPIX.