• Katastrofe at spedbarn låg på magen Den store, norske snuoperasjonen frå mage til rygg begynte på barneklinikken i Bergen.

— Det var aldri eit offisielt råd at spedbarna skulle sova på magen, det var meir ein internasjonal trend, fortel Trond Markestad til Bergens Tidende.

Han var professor ved Barneklinikken i Bergen frå 1977 til 1989. På den tida var talet på små som døydde i krybbedød i Hordaland svært høgt, på det meste 25 i året.

- Som å slå av ein brytar

Eit krybbedødprosjekt på slutten av 80-talet, der Markestad deltok, viste at over nitti prosent av ungane som døydde låg med ansiktet ned. Resultata vart presenterte i Aftenposten i 1989.

— Det var nesten som å slå av ein brytar! Det hadde ein dramatisk effekt på krybbedød-prosenten. Dødsraten i 1989 var halvert allereie året etterpå, fortel Markestad, som i dag arbeider ved Oppland sentralsykehus.

Møtte skepsis

Han møtte ein del skepsis i fagmiljøet då han gjekk i bresjen for å endra sovestillinga hos nyfødde frå mage til rygg.

— Men lærdomen er at ein skal ha gode grunnar for å innføra ein ny vane. Mangt vart gjort fordi ein trudde det var bra, men ingenting viste seg å halda stikk. Det var ein katastrofe at borna skulle ligge på magen, seier han.

Røyking risikofaktor

— Framleis døyr kring 30 born i krybbedød kvart år i Norge. Kvifor?

— Nokre ligg framleis på magen. Røyking i svangerskapet eller i heimen er av dei største risikofaktorane. Men dei som døyr i krybbedød, er ei samansett gruppe. Ofte veit vi ikkje kvifor dei døyr. Kanskje har dei sjukdomar vi ikkje har klart å oppdaga.