DEI NORSKE STYRKANE i Afghanistan treng folk som Trond Helås Østerbø. Med fagbrev i transportfag og avtent førstegongsteneste, vurderte 22-åringen å søka seg til Afghanistan – men fekk betre tilbod i Norge:

– Utan å framstå som ein kjekkas, så er vel faktum at eg kan velje og vrake i jobbar her heime. Det er stor rift om yrkessjåførar, og ikkje minst etter oss som har fagbrev, seier Helgås Østerbø.

Berre tre veker er gått sidan 22-åringen frå Vik i Sogn avslutta si teneste i forsvaret – eitt års førstegongsteneste pluss eit ekstra år.

– EG FEKK TILBOD om å ta førstegongstenesta som læretid, og vart plassert i tungtransporttroppen på Bardufoss. Og med eitt ekstra år i Troms fekk eg gjennomført all læretida i forsvaret, fortel Helgås Østerbø.

Han såg Forsvarets rekrutteringsannonsar for Afghanistan, og bestilte infopakke på SMS.

– Eg reknar med å få den i posten snart, og kjem vel til å sjå gjennom materiellet. Men eg har eigentleg slått tanken frå meg. Eg trur ei slik utanlandsteneste passar betre for dei som er meir av ei eldsjel enn eg. Eg ser for meg at her kan ein vel hamne opp i mykje rart, og tvilar på om det er noko for meg, seier Helgås Østerbø, og legg til:

– Eg ville sikkert tent meir pengar enn her heime, men å reise ut berre på grunn av økonomien tykkjer eg blir feil

I STADEN for å jobbe i det krigsherja Afghanistan, har Trond tatt seg jobb i selskapet Betongpartner AS. Der deltek han i betongarbeid på offshoreterminalen Vest Base i Kristiansund.

I MÅLGRUPPA: Trond Helgås Østerbø tok fagbrev som transportarbeidar i forsvaret, og har akkurat den kompetansen forsvaret treng i Afghanistan. Da han så rekrutteringskampanjen, bad 22-åringen om meir informasjon. Nå har han bestemt seg for ikkje å søkje.