— Vi opplever dette som eit ran, seier nestleiar i Norsk Jernbaneforbund, Jane Brekkhus Sætre. Dei tilsette i NSB er sjokkert etter at arbeidsgjevaren møtte fram til årets lønsoppgjer med ei lang liste kutt i etablerte avtalar. I følgje Norsk Jernbaneforbund krev NSB mellom anna ein kraftig reduksjon i nattillegga, utviding av normalarbeidstida, i tillegg til at dei vil fjerne tenestepensjonen.

Det er tillyst mekling 14. mai. Får ikkje meklingsmanne partane samde, blir det togstreik frå 16. mai.

Avspasering for nattjobbing

I dag får konduktørar og lokførarar eit kvarter avspasering for kvar time dei jobbar om natta. I følgje Jernbaneforbundet vil arbeidsgjevaren ha fjerna denne ordninga. Det vil for ein vanleg konduktør eller lokførar bety i snitt eit tap på fire timar veka, noko som årleg vil gje rundt 25.000 kroner mindre i lønningsposen. Det seier nestleiar Bjørn Olaf Knutsen i Bergens banens konduktørforening, som til dagleg er konduktør på lokaltog mellom Bergen og Voss.

Spesialkompetanse

— Vi tykkjer NSB-leiinga her er utruleg frekk, seier Knutsen.

Knutsen har ei grunnløn på 250.000 kroner, som er toppløn for ein konduktør. Med faste tillegg kjem løna hans opp i rundt 300.000. Konduktørar som jobbar på lengre togstrekningar kan, med alle tillegg og overtid, tene opp til 350.000 kroner.

Knutsen vil likevel ikkje gå med på at dei er priviligerte.

— Vi har jo ein spesialkompetanse. Det er ikkje berre å hive inn ein konduktør og klippe billettar. Det gjeld ikkje minst tryggleik, vi har den same tryggleiksopplæringa som lokomotivførarane har, seier han.

Taust frå toppen

NSB-leiinga ønskjer ikkje å kommentere påstandane frå Jernbaneforbundet.

— Vi ser ikkje noko poeng i å drøfte forhandlingane offentleg, seier informasjonssjef Arvid Bårdstu, som òg uttalar seg på vegner av NSBs dotterselskap.

Jernbaneforbundet knyt den nye harde linja frå NSB til at dei i fjor vart med i NAVO, arbeidsgjevarorganisasjonen for frigjorte statsbedrifter. NSB er her i same situasjon som Posten. Der vart det òg brot måndag. I følgje Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund ligg tilbodet frå Posten 100 millionar kroner lågare enn dagens avtale. Her kan det bli streik frå 14. mai.

FRYKTAR TOGRAN: Konduktør Bjørn Olaf Knutsen er klar for streik frå 16. mai. Får NSB-leiinga gjennom sine krav i årets lønsoppgjer fryktar Knutsen han vil gå ned over 20.000 kroner i løn og tape tenestepensjonen.
FOTO: RUNE SÆVIG