— Investeringar på denne storleiken kan gjerast innanfor handlingsregelen, som seier at staten kan nytta inntil fire prosent av dei oppsparte oljeinntektene, seier forskar ved SSB, Torbjørn Eika.

  • Men dette er sjølvsagt avhengig av utviklinga i oljefondet, som vert styrt av oljeprisar og utviklinga på børsane rundt omkring, legg han til.

Statsminister Jens Stoltenberg nemnde ikkje oljeinntektene med eit ord då han torsdag kom med bodskapen om eit kjempelyft for norsk samferdsle. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete var meir konkret. Ho sa at vi må henta milliardar frå oljefondet for å få skikkeleg fart på utbygginga av veg og bane.

Full semje i regjeringa

No er det ikkje sikkert at dette markerer så stor skilnad mellom Navarsete og Stoltenberg i synet på korleis kjempelyftet skal finansierast. Den største skilnaden låg kanskje i måten å formulera seg. På direkte spørsmål om dette svarar statsminister Jens Stoltenberg slik:

— Det er full semje i regjeringa om at vi gradvis skal auka bruken av oljeinntektene til mellom anna veg og jernbane. Dette står i Soria Moria-erklæringa, og det følgjer av handlingsregelen.

Forskarane i SSB har sett nærare på dette og prøvt å finna svar på kva slags utslag auka samferdsleinvesteringar vil ha på norsk økonomi. I ei utrekning plasserer dei 10 milliardar ekstra samferdslekroner i 2009, 20 milliardar i 2010 og 30 milliardar kroner kvart år fram til og med 2016.

Det gjev ein sum på 210 milliardar kroner over åtte år.

Mindre enn dei kunne

— Vi har høyrt at regjeringa dei siste åra har brukt ein god del mindre i enn dei kunne gjort i høve til handlingsregelen. Dette av frykt for auka press på økonomien med renteoppgang og inflasjon. Stemmer det?

— I 2006 brukte regjeringa 4,4 milliardar mindre enn handlingsregelen ville gje lov til. I 2007 14,2 milliardar kroner mindre. For 2008 har regjeringa førebels rekna at dei vil bruka 6,9 milliardar mindre, seier Eika.

Beskjeden verknad

— Kva ville skjedd om regjeringa likevel hadde brukt desse pengane? Det er då småpengar i høve til heile statsbudsjettet?

— Dersom desse pengane hadde vore brukt til sysselsetjing, så hadde det nok gjeve godt synlege utslag på til dømes renta. Men dersom pengane hadde vore nytta til investeringar i veg eller jernbane, så hadde verknaden vore langt meir beskjeden, seier Torbjørn Eika.

Liten del av økonomien

Forskarane ved SSB meiner at norsk økonomi godt kan tola det ekstra presset som 30 milliardar kroner til veg og jernbane trass i alt ville føra med seg.

Renta ville auka litt og konkurranseutsette verksemder ville møta vanskar. Men kor ein snur og vender på det, så er også 30 milliardar kroner berre ein liten del av den samla norsk økonomien. Dessutan ville ein stor og aukande del av investeringane gå til utanlandske entreprenørar og utanlandsk arbeidskraft.

Pengane ut av landet

Kjempeinvesteringane vil føra til ekstra lønsvekst og sterkare krone. Men det fører i sin tur til at verksemder i mange bransjar etter kvart vert utkonkurrerte av utlendingar. Dette gjeld også leverandørar og underleverandørar av investeringsvarene, seier Eika.

Dermed ville store delar av veg- og banemilliardane forsvinna ut av landet utan å bidra til press i norsk økonomi.