• Kall den nye, kongelege babyen Maja Märthasdotter eller Oskar Märthasson, føreslår namneforskar Ivar Utne.

Trendy, nyskapande, folkeleg. Dette bør prege namnevalet til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn, som ventar sitt første barn no i månadsskiftet.

— Paret framstår som trendy, ikkje tradisjonelle. Derfor bør namnevalet stå i stil, og dei bør gå litt framfor. Kongehuset har jo signaleffekt, seier namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.

— Eit kongeleg namn bør byggje på lange, kongelege tradisjonar og familietradisjonar, men også på trendar i tida. Namnet bør vere godt gangbart i vår tid.

Her er hans namneforslag til dei vordande foreldra.

Dersom det blir ei jente

Utnes førsteval er Maja.

  • Maja er eit trendy og folkeleg namn, og på full fart oppover på namnestatistikken, fortel Utne.

— Men namnet kan bli kritisert for å vere for folkeleg, slik kongefamilien også er blitt kritisert for dei siste åra. Då kan Thyra vere eit betre val. Det har historiske røter både i Norge og Norden, og har vore i bruk i den nyare kongefamilien.

I Sverige er Thyra på veg inn på namnetoppen. Thyra er eit norrønt namn, og er den kvinnelege versjonen av namnet Tor. Frå sagaen kjenner vi best dronning Thyra, ho som var gift med Olav Tryggvason.

Vel prinsessa Thyra, vel ho eit namn med røter både til sagatida og hennar eigen nære familie. På kongeleg vis hadde også farmor Märtha mange namn, og Thyra var eitt av dei.

Mange andre svenske og danske prinsesser hadde også Thyra som namn.

Når det gjeld ekstra fornamn, synest Utne at det er naturleg å velje Marianne , etter Ari Behns mor, og Sonja , etter prinsessas mor.

— Dette er namn like gode som andre.

— Bør barnet få fleire namn enn tre?

— Nei, dette bør halde, synest du ikkje? Men det går jo an å slenge på Astrid eller Ragnhild, dersom dei ønskjer det.

Dersom det blir ein gut

— Eg slit meir med å finne gutenamn, det er ikkje lett. Men Oskar eller Oscar er namn med gjenklang i vår tid, meiner Ivar Utne.

Også dette namnet er blitt svært populært i Sverige. I 2002 låg gutenamnet øvst på namnetoppen.

— Nordmenn blir påverka av svenskane, og populære namn i Sverige slår ofte gjennom hos oss litt seinare, fortel Utne.

— Samtidig er det viktig at dei kongelege ikkje vel namn som er altfor populære. For eksempel Markus og Benjamin, som er i ferd med å bli utslitne.

Eit anna aktuelt gutenamn er sjølvsagt Olav , eit norsk kongenamn med solide tradisjonar, og namnet på bestefar til prinsessa, avdøde kong Olav.

Også far til Ari Behn heiter Olav.

— Slik sett er Olav eit opplagt val på begge sider. Etter mi meining er likevel Oskar betre. Det er greitt med variasjon.

Når det gjeld ekstra førenamn, føreslår Utne Alexander , som var kong Olavs opphavlege namn. Og Carl , som var kong Haakons, før familien kom til Norge i 1905.

Etternamn

Kronprinsesse Märtha Louise har uttalt at etternamnet til det nye barnet blir Behn , ettersom ho sjølv ikkje har etternamn. Utne meiner derimot at prinsessa burde vere meir av ei føregangskvinne.

— Ho burde gje barnet sitt eige namn til etternamn: Märthasdotter eller Märthasson . Det er langt meir spenstig og nyskapande enn Behn.

Den nye namnelova likestiller i dag slike namn med tradisjonelle slektsnamn.

— Dessutan tek den nye namneskikken betre vare på likestillinga. Det er flott dersom kongefamilien går i spissen for den nye namnelova, synest Utne.

SIGNALEFFEKT: - Paret framstår som trendy, ikkje tradisjonelle. Derfor bør namnevalet stå i stil, og dei bør gå litt framfor. Kongehuset har jo signaleffekt, seier namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.
ARKIVFOTO: SCANPIX