Det hevdar professor Henning Jakhelln ved Universitetet i Oslo, overfor Bergens Tidende.

Den faglege feilen gjeld rettane til dei tilsette i Statskonsult.

I proposisjonen hevdar Arbeidsdepartementet at medarbeidarar i Statskonsult som ikkje aksepterer å bli overflytta til eit AS Statskonsult, vil misse retten til venteløn etter eitt år.

— Dette er i beste fall juridisk tvilsamt. Eg vil hevde at det er direkte feil, seier Jakhelln til Bergens Tidende.

Jakhelln meiner dei tilsette i Statskonsult sjølv kan velje om dei vil bli med over i eit aksjeselskap eller ei, eller om dei vil stå på at staten er deira arbeidsgjevar. Det gjev i så fall rett til å krevje anna høveleg arbeid i staten, eller venteløn i tre år.

— Det er heilt klart at dette må Kommunalkomiteen, som nå har saka til behandling, sjå nøye på, seier Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Bergens Tidende. Ho er leiar for kommunalkomiteen.

— På Stortinget er vi avhengige av at det regjeringa presenterer for Stortinget er fagleg og juridisk haldbart. Vi må nå vurdere om saka bør sendast tilbake til regjeringa, legg Kleppa til.

Ho reagerer også på at departementet har late vere å gjennomføre ei open høyring når det gjeld framlegget om å gjere om Statskonsult til aksjeselskap.

— Det er klare og gode grunnar til at ein har prosedyrane med opne høyringar. Det må heilt spesielle og gode grunnar til om ein skal fråvike dette. Det kan eg ikkje sjå det er i denne saka, seier Kleppa.