Berre sist veke har ti menneske teke kontakt med forbundet.

— Me får mange fortvilte rop frå foreldre med barn i barnehagar og skular som tek det som sjølvsagt at barna skal vera med. Det set mange ikkje-religiøse i ei kattepine. Dei ønskjer at barna skal læra om andre religionar, men vil ikkje stigmatisera barna sine ved å ta dei ut frå majoriteten.

Han meiner skular i dei store byane har større forståing for dette enn i landet elles.

— Saka i Skånevik er svært beklageleg. Det vitnar om arroganse og manglande medkjensle. Eg beundrar mora for å stå fram og fortelja korleis me humanistar har det, seier Brun-Pedersen.