Både representantar frå opposisjonen og frå regjeringspartia er sterkt kritiske til måten dei to behandla Bjørnøy på under og etter spørjetimen i Stortinget onsdag.

Sentrale politikarar i både Senterpartiet og SV — som Bergens Tidende har snakka med, men som ikkje vil la seg intervjue - meiner at både Stoltenberg og Halvorsen unnsa Bjørnøy på ein måte som svekkjer autoriteten hennar sterkt.

Vi følger landsmøtet live på webtv her.

Bjørnøy-paradoks

I SV har det over tid bygd seg opp ein kraftig irritasjon over det ein opplever som ein «frenetisk motvilje hjå Jens Stoltenberg mot å talfeste mål» på fleire politikkområde. «Nedskytinga» av Bjørnøy sine klimagassmål blir sett i denne samanhengen.

I går fann Bjørnøy grunn til å seie seg lei for at ho hadde brukt uttrykket «garantiar» om dei norske miljømåla.

— I sak har Bjørnøy brei støtte i Stortinget. Standpunktet står nå sterkare enn før utspelet hennar. Både dei tidlegare regjeringspartia, SV og Sp støttar henne. Dei einaste som ikkje støttar henne er Frp, Jens Stoltenberg og kanskje delar av Ap, seier tidlegare miljøvernminister Børge Brende.

Onsdag fastslo både Stoltenberg og Halvorsen at Bjørnøy sine «garanterte klimamål» om reduksjon i CO2-utslepp ikkje hadde vore behandla i regjeringa.

Reint formelt er nok dette rett. Men på den andre sida har både Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Statsministerens kontor vore djupt involvert i miljøvernministeren sine klimagarantiar slik statsråden formulerte seg under den store klimakonferansen i Nairobi i november i fjor.

- Dårleg leiarskap

KrF-leiar og tidlegare statsråd Dagfinn Høybråten, seier det slik:

— Statsministeren og SVs partileiar har utvist veldig dårleg leiarskap. Det er ein grunnleggjande verdi i norsk politikk at ein statsminister stiller seg bak ein statsråd. Like sjølvsagt må det gjelde for ein partileiar, sjølv om partileiaren er finansminister.

Venstre-leiar og tidlegare statsråd Lars Sponheim meiner Kristin Halvorsen «framstår som sosialdemokrat av verste skuff, med lojaliteten sin til Stoltenberg, Ap og LO og ikkje til Bjørnøy».

Tidlegare statsråd og nå nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Børge Brende (H) er ikkje mindre nådig:

— Mi oppleving av det som skjedde onsdag, var at Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg regelrett dolka Helen Bjørnøy.

Utfordringar for SV

I SV er reaksjonane sterke. På den eine sida er mange mildt sagt fortvila over Bjørnøy sine manglande evner til å takle stortingssalen. Samstundes slår SV ring om innhaldet i Bjørnøy sine «miljøgarantiar». Der var hovudbodskapen at Noreg ikkje kan vere dårlegare enn EU når det gjeld reduksjon i utslepp av klimagassar. Og det er klare forventningar om at SV sitt landsstyre, som kjem saman i dag, vil gje uttrykk for dette i vedtaks form.

— Noreg kan ikkje kome dårlegare ut enn EU, seier stortingsrepresentant Karin Andersen. Ho er tidlegare parlamentarisk nestleiar i SV.

Dette standpunktet er også ein Ap-representant som Rolf Terje Klungland, samd i. Han er ikkje kjend som nokon miljøforkjempar.

— Det står i Soria Moria-erklæringa at Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld miljø. Det inneber at vi må vere betre enn andre. Så dersom EU lovar ein reduksjon på minst 20 prosent i klimagassutslepp, må vi vere betre, sier Klungland.

Åserud, Lise