Jagland ville onsdag vite kva handlefridom Regjeringa har når det gjeld Noreg sitt forhold til EU for det tilfellet at Island skulle finne på å søke om medlemskap.

Jagland reiste spørsmålet til utanriksminister Jan Petersen i spørjetimen.

«Litt pussig»

Petersen meiner Jagland sitt utspel er «litt pussig» sett i høve til norske interesser.

— Trur du Jagland har noko anna motiv enn å eksponere motsetnadane i Regjeringa og i andre parti, som SV og Frp?

— Det er mogeleg at det er det som er motivet. Men det han først og fremst har oppnådd, er å eksponere motsetnadane i eige parti, seier Petersen.

EU-kollisjon i Ap

Både Jagland og Jens Stoltenberg har nå gjeve uttrykk for at Noreg må bu seg på å søke EU-medlemskap dersom Island vil gjere det.

Det er meiningsmålinga frå Island, som indikerte at 90 prosent av islendingane kan tenkje seg å søke medlemskap, som ligg bak desse utspela.

Desse utspela har resultert i kvasse reaksjonar i eige parti. Fleire av dei kjente EU-motstandarane i Arbeidarpartiet, rykkar nå sterkt ut imot slike tankar. Det gjeld til dømes sentralstyremedlem Grethe Fossum og stortingsrepresentant Synnøve Konglevoll. Stortingsrepresentant Trond Giske er også avvisande til at at det nå er skapt ein ny situasjon for Noreg.

«Fordel for Ap»

Bergens Tidende er kjent med at Jagland resonnerer som så, at Ap vil kunne splitte både regjeringspartia, Frp og SV dersom EU-saka på ny kjem på dagsordenen. Han meiner samstundes at Ap vil tene på ein slik debatt.

Ikkje alle er samde i dette resonnementet. At motstanden i Ap tyt fram straks temaet EU blir nemnt, tyder på at Jagland tek feil.

Vil ikkje søke

I går slo utanriksminister Jan Petersen fast at Regjeringa ikkje har planar om å korkje sende eller førebu nokon søknad om medlemskap i denne stortingsperioden. Han viste til at spørsmålet er avklart og nedfellt i Sem-erklæringa som låg til grunn for regjeringsskipinga i fjor haust. Det er vel kjent og ingen løyndom at dei tre regjeringspartia har ulikt syn på spørsmålet om norsk medlemskap. Det har dei teke konsekvensen av, og det er EØS-avtalen som skal regulere Noregs forhold til EU.

— Skjæringspunktet går ved å sende ein søknad, presiserte han.

Lang veg

Forsikringane frå Petersen kom på direkte spørsmål frå nei-mannen Øystein Djupedal frå SV og frå ja-mannen Håkon Blankenborg frå Ap.

Petersen meiner det er ein lang veg å gå for Island før det kjem til nokon søknad. Han minner om at Island aldri før har hatt ein EU-debatt.

— Eg trur ikkje dei innebygde motsetningane i Regjeringa blir eit problem i denne perioden, seier Petersen. Han avviser også at ja-sida i Noreg blir svekka ved at ja-partiet Høgre «er bunde på hender og føter» gjennom regjeringsavtalen mellom H, Krf og V.