Kleppe tek Jagland fatt for grov «historieforfalsking» i Jagland si bok «Vår sårbare verden», som kom ut i januar. Det gjorde Kleppe i ein stor artikkel i Dagsavisen denne veka, under tittelen «Jagland som «historiker».

«Sterkt sjølvmotseiande»

Også Aarebrot tek Jagland fatt. Han meiner Jagland opptrer sterkt sjølvmotseiande når han på den eine sida insisterer på at Ap må legge kursen mot venstre samstundes som han legg seg i milliardær og NHO-president Jens Ulltveit-Moe si seng på Geilo.

Det er særleg Jagland sin omtale av den økonomiske politikken på 1970-talet, då Kleppe var finansminister, som har fått Kleppe til å reagere.

Kleppe trekkjer fram eit sitat:

«Overbudene i 1970-årene førte til lønns— og priskarusell og økte skatter på lønnsmottakerne som la det norske industrisamfunnet nesten dødt.»

«Denne beskrivelsen av Arbeiderpartiets politikk i 1970-årene er vel reinspikka Høyre-propaganda?» skriv Kleppe og held fram:

«Uvitenhet»

«Nei, det er skrevet av Thorbjørn Jagland, i hans bok «Vår såbare verden».»

Kleppe arresterer Jagland og fortel at situasjonen var heilt motsett av det Jagland hevdar, før han skriv vidare:

«Hvordan kan Jagland skrive noe slikt? Er det utslag av at han er så høyrevridd som Gerd-Liv Valla mener at Arbeiderpartiets nåværende ledelse er? Jeg tror heller det skyldes uvitenhet», seier Kleppe og heldt fram med å liste opp det han meiner er grove feilframstillingar i boka til Jagland.

- Verre for seg sjølv

Aarebrot meiner Jagland har gjort situasjonen mykje verre for seg sjølv gjennom det han har sagt og gjort den siste tida.

— Han er svært tydeleg sjølvmotseiande når han på den eine sida seier at partiet må legge kursen mot venstre, medan han samstundes legg seg inn på NHO-presidenten si hytte, seier Aarebrot til Bergens Tidende.

— Det er som å grave ei grav og legge seg sjølv nedi, eller som å skyte seg sjølv i foten, seier han.

— Dei som nok reagerer mest er dei som står Jagland nær og som likar at han seier at partiet bør gå mot venstre. Difor er det noko hjelpelaust over måten Jagland opptrer på nå, seier Aarebrot.

Aarebrot seier at han personleg ikkje har noko imot at Jagland ferierer på hytta til NHO-presidenten. Derimot reagerer han sterkt mot at Jagland gjer dette samstundes med at han seier at partiet må gå mot venstre.

Aarebrot meiner det er «tåpeleg» av Jagland i det heile å operere med aksen venstre-høgre. Han meiner dette omgrepet seier lite om innhaldet i politikken.