OLAV GARVIK

Med desse orda distanserer den tidlegare senterpartipolitikaren seg frå dei omstridde utsegnene som leiaren i Stortingets utanrikskomite kom med på Vårkonferansen på NHH tysdag.

Hope Galtung var i over fire år ein sentral OSSE-representant i Kosovo, etter at ho gjekk ut av Stortinget i 1997. Ho er no engasjert som koordinator i eit prosjekt om næringsutvikling i Kosovo. Ho skal i første omgang vera i landet fram til slutten av juni.

Ho reagerer med vantru på det Thorbjørn Jagland har sagt om den gjennomsyra kriminaliteten i Kosovo, sjølv om han eit stykke på veg har dekning for orda sine:

— At det finst mykje kriminalitet, mafia og svarte pengar er det ingen tvil om. Det har det vore her heile tida. Men han overdriv likevel ganske mykje, for å seia det mildt.

— Men han er altså ikkje heilt på jordet?

— Det går ikkje an å snakka slik han gjer, for han må vita at han stigmatiserer eit heilt folkeslag. Han kan då ikkje meina det han har sagt! Det er alltid farleg å generalisera. Folk her ønskjer seg ein jobb, og gjer mykje for å få det. Men lønene er så låge at det knapt er mogleg å leva av dei. Då er det ikkje så rart at mange i rein desperasjon endar i kriminaliteten.

— Opplever du sjølv lovløyse på nært hald?

— Nei, eg har knapt hatt noko oppleving som kan seiast å vera ubehageleg.

— Har mafiaen overteke styringa av landet, slik det er sagt på høgt hald i utanrikstenesta?

— Nei, det er ikkje sant.

— Er det noko framtid for kosovoalbanarane? Kva kan dei brødfø seg med?

— Framtidsutsiktene bør vera gode, og det er i den samanhengen eg er her for å vera med å utvikla delar av jordbruket. Innanfor grønsak- og korndyrking er eg overtydd om at utsiktene er gode, seier Bjørg Hope Galtung til Bergens Tidende.