• Vi skal ikkje vera glesdesdreparar, men Susan Jafari (43) burde fått politisk asyl.

RAGNHILD HOV

Det meiner Oddny Miljeteig og dei andre fagforeningskvinnene som kjemper for at kvinner som er forfølgd på kjønnsbasert grunnlag skal få politisk asyl i Noreg

– Dette er gamaldags kvinnediskriminering, seier Miljeteig. Ho meiner det er eit tilbakeslag at Susan Jafari, som har vore sekretær i eit iransk opposisjonelt tidsskrift, ikkje vart godkjent som politisk asylant, men berre fekk opphaldsløyve.

Seint torsdag kveld fekk Susan Jafari og dei to borna hennar opphaldsløyve i Noreg. Det skjedde etter at ho har fått fem avslag på asyl i landet. Saka har også vore handsama to gonger i Utlendingenemnda. Den siste gongen måtte også borna forklara seg nemnda.

Miljeteig gler seg over at enda ei av ”deira ” kvinner får opphaldsløyve Noreg. Men ho er ikkje nøgd med måten norske flyktningemyndigheiter har handsama sakene på.

– Sjølv om vi har nådd ein milepæl, må vi konstatera at utlendingemyndigheitene har gjort alle slags mogelege krumspring for å unngå å gje kvinner asyl på kjønnsbasert grunnlag, seier Miljeteig.

I alt reknar ein med at det er mellom 20 og 30 kvinner som har søkt asyl i Noreg på kjønnsbasert grunnlag.