• Det manglar mykje på at forholda er som dei burde i Hordaland Ap. Før var Ranveig Frøiland og Grete Knudsen bestevenninner. Nå er det isfront mellom dei.

Dette seier stortingsrepresentant Leif Lund til Bergens Tidende. Sjølv fann han grunn til å ta til motmæle mot Grete Knudsen under årsmøtet i Hordaland Ap i helga.

— Knapt snakka med Grete

Om sitt eige forhold til Grete Knudsen har han dette å seie:

— Eg har knapt sakka med henne i løpet av dei ni åra eg har sete på Stortinget.

— Kvifor det? De representerer då same parti og kjem frå same byen?

— Ho er ikkje i min omgangskrins og eg ikkje i hennar. Vi står for litt forskjellige ting. Ho var mellom anna ihuga EU-tilhengar medan eg er motstandar av norsk medlemskap i EU.

- Litt rart

Lund seier han vart forskrekka over at Grete Knudsen på årsmøtet sist helg gjekk mot å velje ein sentral fagleg tillitsmann (Per Rune Henriksen) som nestleiar i fylkespartiet.

— Eg har inga tru på at det løyser noko som helst problem for Ap å kvitte seg med sambandet til LO. Vi bør i staden lytte meir til det LO seier. Det har vi ikkje vore flinke nok til, seier Lund.

— Det er litt rart at Grete Knudsen, som også er medlem av sentralstyret i partiet, går mot ein fagleg tillitsvald. Som gammal fagleg tilltsmann meiner eg at vi bør halde fast ved dei tette banda til LO og fagrørsla. Så seint som på måndag i denne veka opplevde eg at partisekretær Martin Kolberg på eit møte gav uttrykk for mange av dei same synspunkta eg sjølv har. Han åtvara sterkt mot dei som vil bryte kontakten og samarbeidet med LO. Eg ser det slik at Kolberg sine utsegner underbygger det eg sa på fylkesårsmøtet, seier Lund.

FRONT MOT FRONT: Ranveig Frøiland og Grete Knudsen står steilt mot kvarandre i den bitre partistriden i Hordaland.
ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN