VIDAR YSTAD

Det seier statsrettseksperten, professor Carl August Fleischer, ved Universitetet i Oslo, til Bergens Tidende.

— Strengt juridisk på basis av Grunnlova kan ein seie at prins Carl (seinare kong Haakon) hadde ei objektiv plikt til å informere Stortinget om at han ikkje var far til den seinare kong Olav, dersom det var situasjonen. Men det er eit langt steg frå ein meir eller mindre kvalifisert spekulasjon til at dette er eit juridisk faktum.

Det same seier statsvitaren, professor Trond Nordby, også han ved Universitetet i Oslo, til Bergens Tidende. Han er republikanar på sin hals, men seier at han vil at kongedømet skal gå under og avskaffast på eit anna grunnlag enn dette.

Grunnlova slo den gongen fast at berre mann av mann, fødd i lovleg ekteskap, kunne arve trona.

— Dersom opplysninga om at Haakon ikkje var far til barnet hadde kome fram i 1905, ville det vore eit relevant moment ved det valet av konge som Stortinget gjorde då. Om det ville vore utslagsgjevande, kan vi ikkje seie noko sikkert om. Det vi veit, er at Stortinget var oppteke av å skaffe eit varig kongehus, seier Fleischer.

Han vil ikkje gå så langt som til å seie at valet av prins Carl var ugyldig, dersom han fortia at han ikkje var far til barnet.

— Her står vi overfor juridiske problemstillingar og tolkingsspørsmål med argument som kan gå begge vegar. Eit moment her, kan vere at barnet vart akseptert som arving og vart oppdrege som det. Her dukkar også spørsmålet opp om prins Carl kan ha blitt lurt og var i god tru.

Ein kan heller ikkje sjå bort frå at prins Carl kunne ha blitt valt til konge, sjølv om han hadde fortalt Stortinget at han ikkje var far til barnet. Og etter paragraf sju i Grunnlova kan kongen gjere framlegg om kven som skal etterfylgje han om han ikkje etterlet seg barn. Etter paragraf 48 i Grunnlova kan det veljast ny konge om kongestammen er utdøydd, påpeikar Fleischer.

— Vi kan ikkje skrive om historia: anten eg likar det eller ei så må vi erkjenne at kong Olav arva trona, sat der i mange år, og var veldig populær. Om det har skjedd at eit uekte barn har arva trona, er det i tilfelle ikkje første gong i Noregs-historia. Tidlegare vart tvilsspørsmål om ekte eller uekte kongssøner avgjort ved å bere jarnbyrd. Då vart det gjerne avgjort ved at nokon hadde tjukkare trælar i hendene enn andre, seier Nordby.