Politiets Tryggingsteneste (PST) har i drygt eit halvt år freista å skaffe opplysningar og dokumentasjon om grunnlaget for at mulla Krekar i desember i fjor vart svartelista av FN sin sanksjonskomite. Han vart førd opp på FN si såkalla terroristliste.

Svartelista Krekar

Svartelistinga skjedde etter krav frå USA. Krava til dokumentasjon for slik svartelisting er ytterst mangelfulle. Det har norsk UD tidlegare stadfesta overfor BT. Og den som først hamnar på ei slik liste vil ha store problem med å bli fjerna frå lista.

Svartelisting gjer det også straffbart for kvar og ein å «handle» med ein som står på lista.

Det var riksadvokaten som i januar bad statsadvokaten og politiet — det vil seie PST - undersøkje og vurdere om svartelistinga gav grunnlag for ny etterforsking mot Krekar.

Etter omfattande etterforsking gjennom fleire år, la riksadvokaten vekk straffesaka mot mulla Krekar i 2004.

Staten ved Regjeringa har likevel stått fast på at Krekar utgjer ein fare for rikets tryggleik og skal utvisast. Grunnlaget for denne konklusjonen har korkje Krekar sjølv, advokatane hans eller domstolane som har behandla sak, fått innsyn i.

Svartelistinga frå FN sin sanksjonskomite gav ein ny opning for å framskaffe «bevis» mot Krekar. Men det sporet fell nå saman.

- Berre påstandar

— Nei det blir inga etterforsking. Dette er også i samsvar med PST si eiga tilråding, opplyser førstestatsadvokat Lasse Qvigstad ved Oslo statsadvokatembete. Det er han som har hatt ansvar for saka.

— Kvifor blir det inga etterforsking?

— Det kjem av at vilkåra for å setje i verk etterforsking etter paragraf 224 i straffeprosesslova, ikkje er til stades. Her er det krav om at det skal vere rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre straffbart forhold.

Slik saka står, kan vi konstatere at dei undersøkingane PST har gjort for om mogeleg å framskaffe moglege opplysningar i tilknyting til at Krekar var førd opp på terrorlista, har ikkje gjeve noko resultat. Norske styresmakter har ikkje fått nokon opplysningar som kan underbyggje eller sannsynleggjere grunnlaget for svartelistinga.

— Det har framkome påstandar men ingen dokumentasjon eller bevis, seier Qvigstad.

Qvigstad opplyser at PST har retta førespurnader til alle relevante instansar for å framskaffe opplysningar utan at det har gjeve resultat.

Fare for rikets tryggleik?

— Er det etter dette grunnlag for å oppretthalde stemplinga av mulla Krekar som ein fare for rikets tryggleik?

— Det vil eg ikkje kommentere. Det står nå ei sak for Høgsterett som skal avgjere i kva grad domstolane skal gå inn i og etterprøve dei vurderingane styresmaktene har gjort av det spørsmålet, seier Qvigstad.

Krekar-saka kjem opp for Høgsterett 9. oktober. Det er sett av fire dagar til behandlinga.

Harald Stabell har overteke som advokat for Krekar. Stabell seier han finn avgjerda til påtalemakta nå interessant i relasjon til den saka han sjølv skal prosedere i Høgsterett. Han vil elles ikkje kommentere saka.

MORTEN HOLM (Scanpix)