• Passasjerane ser ut til å ha takla dette svært bra. Ingen av passasjerane har komme med signal om alvorlege reaksjonar, seier kommunelege Mormund Svoen i Flora.

Kommunelegen fungerte som leiar av kriseteamet som i går var dei første som gjekk om bord i hurtigruteskipet «Midnatsol då det la til kai i Florø.

— Vårt inntrykk er at passasjerane har tatt dette veldig bra. Dei reaksjonane vi har fått er at dei har følt seg trygge heile tida. Men det er ikkje tvil om at mange opplevde den dramatiske situasjonen som svært stressande, seier Svoen.

Alle passasjerane blei samla då båten la til kai. Dei som ønskte det fekk tilbod som å snakke med kriseteamet som i tillegg til kommunelegen var sett saman av psykolog og andre spesialistar. Men ingen av passasjerane nytta seg av tilbodet. Dei som tok ordet på samlinga, gjorde det for å rose mannskapet for innsatsen dei hadde gjort dei dramatiske timane.

— Fleire gav uttrykk for at dei var nøgde og takknemlege for måten mannskapet handterte situasjonen. Vår oppgåve blei difor ført og fremst å informere. Mellom anna la vi vekt på å fortelje dei om kva reaksjonar som kan komme i etterkant av ei slik oppleving, seier Svoen.