— Det er ikkje noko stort problem. Eg gav nokre åtvaringar i fjor, men det blei ikkje gitt gebyr. Det enklaste er å snakka med foreldra, seier Berit Johannesen, assisterande styrar i Skogatufto barnehage.

Stord kommune innførte ordninga i alle dei kommunale barnehagane i 2001.

-Det var ein ukultur. Foreldra henta ungane for seint, forklarer Johannesen.

Ute i haustsola leikar ungane med bøtter og spader. Vatn er kjempepopulært og blir blanda med sand. Enno er det nokre timar att til foreldra deira kjem for å henta.

På lunsjrommet er det pausetid. Fram kjem strikkepinnar og matboksar. Praten går livleg.

— I den barnehagen eg arbeidde i før, var det aleinemødrer som av og til kom for seint. Dei sat i kø på bussen. Me skreiv nokre åtvaringar, men stod aldri der og kravde pengar i neven. Det blir for dumt, spør du meg, seier Ann Kristin Brakedal.

— Det er no dei same barna som blir henta seint kvar gong, kommenterer ei.

-Ja, det er jo ulike årsaker til at folk kjem seint. Eg trur det har med arbeidsplassen til foreldra å gjera og opningstida i barnehagen, kommenterer Berit Johannesen.

Ute er barna klar for lunsj.

-Eg er svolten, Ingrid, grin ei lita jente. Assistent Ingrid Vik trøyster så godt ho kan. Ho har ikkje inntrykk av at foreldre spekulerer i å betala nokre hundrelappar for å kunna komma for seint.

— Stort sett kjem folk i tide.