Det seier Terje Valen. Han var talsmann for Raud Valallianse og AKP (m-l) dei seks åra Dyrkolbotn vart overvaka.

Valen var leirleiar i Dyrkolbotn.

— Eg hugsar godt at det var branninspeksjon på skulen. Eg følgde dei to karane som kom rundt. Men eg visste ikkje at den eine var lensmannsbetjent, hevdar han i dag.

Han seier at han ikkje kjende Dyrkolbotn personleg verken i 1975 eller i åra etterpå.

— Men eg har lagt merke til namnet hans i lesarbrevspaltene i avisene og veit at han kan vera ein engasjert og skarp debattant.

Valen er difor ikkje overraska over at Overvakingspolitiet opna mappe på den fritalande nordhordlendingen.

— Vi veit at det ikkje skulle meir til enn tilfeldig kontakt med nokon på venstresida for å verta registrert, seier Valen.