• Det er ein illusjon å tru at styringa av Noreg vert enklare med berre to nivå; kommune og stat, seier forskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.

KARI PEDERSEN

Fredag disputerer Yngve Flo for doktorgraden med avhandlinga: «Staten og sjølvstyret. Ideologiar og strategiar knytt til det lokale og regionale styringsverket etter 1900.»

I arbeidet med avhandlinga har Flo sett debatten om regionalisering reise seg med full tyngd. Historikar som han er, ser Flo spor av tidlegare framlegg om storfylke og regionar.

Nazistane først

— Faktisk var det Nasjonal Samling som første gang sysla med tanken om å bruke det vi i dag kjenner som regionar som styringsnivå, seier Flo og legg formanande til: - Men det er store skilnader mellom det dei ønskte og det som er dagens visjonar. NS ville ha regionar direkte underlagde staten, ikkje regionar styrte av folkevalde.

Dagens regiondebatt er likevel noko heilt anna enn tidlegare tiders meir akademiske øvingar.

— Trur du regionforkjemparane vinn fram?

— Nett no trur eg alternativet står sterkare. Tilhengjarar av ei eller annan form for tonivå-styring treng berre å lene seg tilbake og vente på at fylkeskommunen skal trekkje siste andedrag, så har dei vunne.

Regionforkjemparane er ikkje noko samla blokk, om ein går dei nærare på klinga. Dei må dessutan setje ut i livet ein storstilt reformprosess og det vil vere vanskeleg med eit knapt politisk fleirtal, seier Flo.

Fleire embetsmenn

Yngve Flo åtvarar samstundes tilhengjarane av tonivå-styring mot å tru at dette utan vidare er ein enklare og meir ubyråkratisk styringsmodell.

— Å kalle det tonivå er i røynda ein illusjon, all den tid det alltid vil vere noko mellom den sentrale stat og kommunane.

Tonivå-modellen vil truleg gje eit stort og aukande embetsmannsverk på lokalt og regionalt nivå, meiner Flo.

— Tilbake til embetsmannsstaten?

— Ja, på den måten at vi får meir byråkrati utan folkevalt påverknad via demokratiske organ på same nivå.

Nokre oppgåver vil kommunane løyse gjennom utstrakt interkommunalt samarbeid. Men det er ei styringsform som er sagt å eigne seg best for oppgangstider. Eit frivillig samarbeid vil ha problem med å løyse konfliktar og ta vanskelege avgjerder, meiner Flo.

Lær av det gamle fylket

Yngve Flo meiner regionforkjemparane bør dra lærdom av fylkesreformene midt på 1970-talet. Flo som til dagleg arbeider ved Rokkansenteret, men og er knytt til Historisk institutt, har festa seg særleg ved denne epoken.

Dei løysingane som då vart valde, bar i seg kimen til fylkeskommunens triste lagnad. På den eine sida fekk fylkeskommunen eit problematisk forhold til kommunane. Han skulle ikkje vere noko overkommune og fekk difor ikkje utøve makt over kommunane. Det fekk berre den statlege fylkesmannen.

På den andre sida måtte fylkeskommunen konkurrere med statsforvaltninga om nye oppgåver som skulle fordelast. Dei dragkampane enda oftast med fylkeskommunale nederlag. Fylkesmannen fekk auka makt, og dessutan har det skjedd ei statleg vill-regionalisering.

Flo meiner beste løysinga for regionane kan vere å hente fram igjen ideen frå den opphavlege fylkeskommunen, som var ein møtestad for kommunane og staten.

— Eg er skeptisk til eit regionting sett saman utelukkande ved direkte val. Då endar ein fort i skuldingane om regionen som ein overkommune. Mitt råd er å lage ei blanding av direkteval og indirekte representasjon frå kommunane, seier Yngve Flo.

Som sjølv ikkje har gjort seg opp noko meining om regionstrevet.

LÆR AV HISTORIA: Historikar Yngve Flo meiner beste løysinga for regionane er ei blanding av direkteval og indirekte representasjon frå kommunane. <br/>Foto: RUNE SÆVIG