Linda Rykkje, som har skrive hovedfagsoppgåva om utanlandsadopsjon, er sjølv adoptert frå Korea.

Ho vart funnen på gata, då ho var to år gammal.

Eit halvt år seinare kom ho til Norge, og vaks opp saman med tre ikkje-adopterte søstre på Stord.

— På Stord veit alle kven du er, og som liten blir du inkludert som ein av familien. Men då eg flytta til Bergen for fire år sidan, vart eg meir oppmerksam på at eg er annleis, fortel Rykkje til BT.

— Bergen har mange innvandrarar, og her blir eg plassert i ein annan «kategori». Folk vil liksom ikkje høyre at eg kjem frå Stord, men vil lenger tilbake i tid.

Å sjå annleis ut

Rykkje var med på å opprette eit lokallag av Foreningen for koreansk-adopterte i fjor, og er oppteken livssituasjonen for adopterte.

— Det er ikkje alltid lett å vere adoptert, og då kan det vere godt å støtte seg på andre i same situasjon, meiner Rykkje.

— Men i dag er adopsjonsforeiningane flinkare til å arrangere førebyggande kurs for foreldra. Dei veit meir om det å vere adoptivforeldre, og at det ikkje er som å få sitt eige barn. Er dei ikkje klare over dette, kan det skjære seg.

— Kva meiner du er den største skilnaden på adopterte og biologiske barn?

— Den største forskjellen er at barna i dei fleste tilfella ser så annleis ut. Det er ikkje til å kome forbi. Når barna er små, går det som regel bra, men når dei blir større, møter dei rasismen på gata. I familiar, der berre éin blir utsett for rasisme, vil dei andre aldri kunne forstå korleis det opplevest.

Vil ikkje anbefale adopsjon

— Vil du anbefale folk å adoptere?

— Nei, anbefale det vil eg ikkje. Men utanlandsadopsjon er der av ein grunn, og vil finnast så lenge det finst fattigdom og sjukdom.

Det er heller ingen tvil om at desse barna får det mykje, mykje betre i Norge, seier Rykkje til BT.

— Men vi kan ikkje berre støtte fattige land som adopterer barn ut av landet. Vi må også støtte land som ønskjer å ta vare på barna i heimlandet.

Rykkje understrekar kor skeivt styrkeforholdet er i adopsjonsprosessen.

— Adoptivforeldre kan velje land, aldersgruppe og velje vekk handikapp. For industrielle land er styrkeforholdet eit heilt anna enn for til dømes Filippinane, som heller ikkje reelt kan velje å ta vare på barna i eige land.

VILLE ADOPTERT SJØLV: To år gammal kom Linda Rykkje frå Korea til Stord. No bur ho i Bergen, er gift, har to barn og kunne tenkje seg å adoptere sjølv: – For nokre år sidan ville eg aldri ha vurdert det. Men eg har bearbeidd det, og landa på at hvis eg ikkje kunne fått barn sjølv, kunne det vore ei god løysing, seier Rykkje.<p/>FOTO: MARITA AAREKOL