— Høgfartstog mellom Oslo og dei store byane i Sør-Noreg vil og samla så store passasjermengder at dei vil gå med overskot på drifta. Kanskje det til og med vert pengar att til å dekka delar av baneinvesteringane, skriv Deutsche Bahn sine ekspertar, ingeniørane Ottmar Greiner og Thomas Birkner.

Også i dag har NSB overskot på persontrafikken mellom Bergen og Oslo.

Greiner og Birkner har gjennom det meste av vinteren vore engasjert av Norsk Bane AS for å førebu ei utgreiing om norske høgfartsbaner. For ein månad sidan var dei og på ei vekes rundtur i Sør-Noreg for å gjera seg kjende med geografien. I går kom den fyrste rapporten, basert på studiar av innsamla materiale.

Betre miljø, tryggare veg

Greiner og Birkner meiner at høgfartstog er den beste løysinga for å nå bestemte mål med samferdselspolitikken. Desse måla er:

  • Kortare reisetider.
  • Høgare tryggleik.
  • Betre miljø.
  • Lågare transportkostnader.
  • Betre komfort.
  • Mindre og tryggare vegtrafikk.Norsk Bane AS, ved dagleg leiar Jørg Westermann, seier at Deutsche Bahn-ekspertane arbeider utan føringar frå dei. Utgreiinga som Greiner og Birkner står i brodden for er altså ikkje bunden opp til Norsk Bane sitt forslag om høgfartsbane over Haukeli med greiner til Stavanger og Bergen.

På den andre sida har Greiner tidlegare sagt til BT at han ser på dobbeltspor heile vegen som ein viktig føresetnad for trygg og påliteleg drift av eit lyntogsamband. Dobbeltspor gjer det også mogleg å kombinera persontrafikk og godstrafikk. Og det er berre Norsk Bane som så langt har foreslått dobbeltspor frå ende til annan mellom Oslo og dei store byane.

Grunnlag for vedtak

No er Greiner og Birkner frå Deutsche Bahn International GmbH klar for fase 2 i sitt arbeid. Då må dei ned i detaljane når det gjeld traseval, passasjergrunnlag, samfunnsverknader osv. Fleire fagfolk må koplast inn, også norske.

Målet er, som Greiner og Birkner skriv, å få ferdig ei utgreiing av så god kvalitet at ho kan tena som grunnlag for dei vedtak regjeringa og Stortinget skal ta våren 2009. I denne saka handlar det kva plass norske høgfartsbaner skal få i Nasjonal Transportplan 2010-2019.

PATRICK LEVEQUE