• Organiserte grupper, gjengar av kriminelle, både etnisk norske og ikkje-norske, er i dag villige til å nytte kva slags middel som helst, om utsiktene til høg profitt er stor nok.

Dette seier leiaren i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, til Bergens Tidende. I går ettermiddag var han på veg til Stavanger etter det brutale ranet.

Han vil ikkje setje namn på kva grupper eller miljø han har i tanke. Men han seier at situasjonen har endra seg dramatiske dei seinare åra.

Uhemma valdsbruk

Han stadfester at ein har sett døme på rå og uhemma valdsbruk både mellom dei kriminelle mc-gruppene og andre gjengar.

Bergens Tidende har vore i kontakt med fleire sentrale embetsmenn i politi— og påtalemakt. Men dei avslår å uttale seg både konkret og generelt om organiserte grupper av kriminelle som opererer her til lands. Dei er redde for at generelle kommentarar meir eller mindre automatisk vil bli kopla opp mot det brutale ranet i Stavanger.

Hovudinntrykket dei formidlar er likevel at fleire grupper opererer utan hemningar mot bruk av grov vald. Det gjeld både austeuropearar og etniske nordmenn.

Tungt væpna

Frå det siste året er det verd å trekkje fram det brutale ranet mot Postens brevsentral i Oslo i oktober i fjor. Det vart gjennomførd med militær presisjon og var tydelegvis planlagd ned til minste detalj. Ranarane var utstyrt med skotsikre vestar og tunge automatvåpen. Det vart avfyrt fleire skot.

Det har også vore fleire andre grove ran mot bankfilialar og teljesentralar i Oslo dei seinare åra.

Johannessen seier at kvardagen til norsk politiet er kraftig forverra og at det fleire gongar har vore reint tilfeldig at ikkje liv har gått tapt.

— Vi har hatt mange episodar der det anten er truga med våpen eller der våpen er blitt brukt. Ein del kriminelle er villige til å bruke dei middel dei har til disposisjon berre utsiktene til store vinstar er stor nok. Mange av dei som er involvert har ingen hemningar når det gjeld valdsbruk. Eit menneskeliv betyr ingenting for desse folka, seier Johannessen.

- Valdsterskelen senka

— Det er også slik at terskelen for å bruka grov vald for å oppnå det dei er ute etter, er kraftig svekka dei seinare åra.

Johannessen meiner det er mange årsaker til denne utviklinga.

— I botnen ligg utsiktene til å skaffe seg store pengar på ein lettvint måte. Vi snakkar då om millionbeløp. Det er snakk om påverknad internasjonalt. Vi har sett ei slik utvikling i andre land. Her ligg vi litt etter. I fleire samanhengar ser vi at bruk av tablettar saman med andre rusmiddel gjev ein blandingsrus som ofte kan føre til atypiske og farlege reaksjonar.

Johannessen stadfestar at det også er snakk om svært profesjonelle kriminelle som både planlegg og gjennomfører dei kriminelle aksjonane med militær profesjon. Dei kan neppe vere påverka av sløvande rusmiddel.

Johannessen ville i går ikkje snakke om tiltak og verkemiddel mot den grove organiserte kriminaliteten.

— Det får vi vente nokre dagar med. Nå får vi først konsentrere oss om omsorgsoppgåvene overfor dei av kollegaene som er blitt råka, seier Johannessen.