Instruksen som var datert 16. februar 2001 og underteikna av tidlegare forsvarsminister Bjørn Tore Godal, var unnateke frå innsyn etter paragraf fem i offentleglova.

Dokumentet vart først frigjeve fredag etter at den famøse klasebombesaka vart offentleg kjent.

— Dette er eit heilt meiningslaust hemmeleghald, og paragrafen gjev ingen heimel for å unnta eit slikt dokument, seier generalsekretæren i Norsk Redaktørforening, Nils Øy, til Bergens Tidende.

Han er ein av dei fremste ekspertane på offentleglova i landet. - Dette er nok eit døme på at forvaltninga ikkje nyttar dei reglane Stortinget har vedteke, seier Øy. - Det er òg vanskeleg å forstå grunnen til at dei ville unnta dette frå innsyn. Brevet er ei politisk klargjering som statsråden og departementet ikkje burde ha nokon grunn til å skamme seg over.

Tidlegare forsvarsminister Bjørn Tore Godal opplyser til Bergens Tidende at han ikkje ser nokon grunn til at instruksen skulle haldast hemmeleg. Når det likevel skjedde, «er nok det utslag av vanleg departemental praksis om instinktivt å halde ting hemmeleg», seier han.

— Hadde det ikkje tvert om vore viktig å offentleggjere innhaldet i ein slik instruks?

— Jau. Det kan du godt seie.

Godal kjenner ikkje til korleis forsvarssjefen fylgde opp instruksen. Men han tok for gitt at instruksen vart fylgd opp. Når han gav instruksen, var det for å rette merksemda mot eit viktig tema for å unngå «blundarar», som han formulerer det.

Pressetalsmann Martin Lohne i Forsvarsdepartementet viser berre til sjølve lovteksten i offentleglova når vi spør kvifor departementet ynskte å hindre innsyn i instruksen frå Godal.

Paragraf fem opnar for at ein kan unnta «interne dokument» frå innsyn, som eit forvaltningsorgan har utarbeidd for si interne saksførebuing.

Lohne opplyser at departementet meiner å kunne unnta dokumentet ut frå formuleringa «Unntaket omfatter også dokument som gjelder innhenting av slikt dokument». Han kan ikkje forklare kvifor det var så viktig for departementet å hindre at innhaldet i instruksen vart kjent.