Ringhagen Tveit er leiar for Bergen/Hordaland og Sogn og Fjordane Parkinson foreining. Mannen hennar har hatt Parkinson i mange år. Ringhagen Tveit opplever ikkje tilbodet frå Helse Vest som betra enn før.

Tvert i mot. Tilbodet for Parkinson-sjuke på poliklinikken på Haukeland Universitetssjukehus var betre før. Nedskjeringar, er forklaringa ho har fått.

— Poliklinikken er der framleis, men ikkje i den grad for Parkinson-pasientar, seier Ringhagen Tveit. Ho har klar ønskelista om Oddvard Nilsen lukkast å skaffe meir pengar.

— Bruk dei innanfor poliklinisk verksemd og på sjukeheimar for desse som er kronisk sjuke, seier Ringhagen Tveit.

Like godt

Oddvard Nilsen meiner vestlendingane har like godt helsetilbod som resten av Noreg.

— Vi ligg ikkje noko tilbake på noko område, seier Oddvard Nilsen, om helsetilbodet på Vestlandet i høve til resten av landet.

Målt i talet på årsverk i Helse Vest i høve til innbyggjartalet (sjå eigen artikkel) har vestlendingane eit tilbod på line med landsgjennomsnittet.

Men målt i kroner ligg løyvingane til Helse Vest 11 prosent under landsgjennomsnittet.

Det er eit poeng den avtroppande stortingsrepresentant for Høgre meiner Stortinget er villig til å legge vekt på.

— Det er urimeleg at fordi vi har vore dyktige, så skal vi få mindre, seier Nilsen.

Han viser også til at milliardinvesteringar i nye bygg og anlegg, først i akuttavdeling i Rogaland og laboratorium på Haukeland, vil auke kostnadene og dermed trongen for meir pengar.

Pengar ikkje alt

Konstituert direktør Bjørn Guldvog i Sosial- og helsedirektoratet seier hovudbilete i Sintef-rapporten (sjå eigen artikkel) er at folk har eit godt og nokså likt helse tilbod same kvar dei bur.

Han peikar på at sjølv om Helse Vest får minst pengar per innbyggar, er ikkje skilnaden stor til Helse Aust, som også får mindre pengar enn landsgjennomsnittet. Det er tilbodet, ikkje pengebruken som bør jamførast, meiner han.

— Eg trur ikkje vi først og fremst skal sjå på dei økonomiske tala når vi skal samanlikne. Det er ikkje eit mål at alle skal ligge på det same snittet målt i kroner, seier Guldvog.

BETRE FØR: Brita Ringhagen Tveit i Bergen/Hordaland og Sogn og Fjordane Parkinson foreining meiner nedskjeringar gjer at tilbodet til Parkinson-sjuke i Helse Vest var betre før. FOTO: RUNE SÆVIG