— Dette er heilt på jordet. Det er svært lite velovervegd og bør stoppast straks, dersom det er rett at saksbehandlarar i UDI har sterk tilknyting til ein part i Midt-Austen-konlfikten, seier Willoch til Bergens Tidende.

Han reagerer ikkje like sterkt mot at ein person med slik bakgrunn har fått jobb i informasjonsavdelinga. Men han strekar under at ein må opptre slik at ein unngår inhabilitet.

Morten Tjessen, som er generalsekretær i NOAS, Norsk Organisasjon for Asylsøkere, har ikkje vore kjent med at personar i UDI med tilknyting til Israel, får avhøyre palestinarar.

— Det er ikkje akseptabelt. Det inneber ikkje mistillit til saksbehandlaren, men vi må stille oss slik at asylsøkaren, som skal intervjuast, kan ha full tillit til saksbehandlinga.. Han må kunne vere trygg på at opplysningane han gjev, blir haldne innanfor Noregs grenser. Elles vil det sjølvsagt gå det ut over kvaliteten på intervjuet, seier Tjessem.