OLAV GARVIKolav.garvik@bt.no Det er KrF-leiaren sjølv som innrømmer dette til Bergens Tidende. Ho møtte ordførar Einar Lutro heime i Kvam laurdag, og vart "veldig fascinert" — etter det ho seier - av det opplegget han la frem for henne.Men det er ikkje dermed sagt at KrF kjem til å lystra henne.- Eg skal leggja frem mitt syn på gruppemøtet i kveld, men avgjer sjølvsagt ikkje dette åleine! legg ho til. D-dag på gruppemøta Høgreordførar Lutro kom likevel eit godt steg nærare målet. Men han lyt rg kryssa fingrane og vona på støtte frå Frp. Det er desse to partia som det no er knytt mest spenning til. Høgre står alt på Hardanger si side.Onsdagen er på sett og vis D-dagen for alle i Hardanger som ber inderlege bøner om å få tinglysingsregisteret med eit par hundre arbeidsplassar til Kinsarvik.Før kvelden er omme, er saka i røynda avgjort på gruppemøtene i Stortinget. Justisnemnda legg frem innstilling 15. mai, og endelig vedtak vert gjort 21. mai. Spenning rundt Frp Det er høyst uvisst kva fleirtalet i Frp meiner. Men den justispolitiske talsmannen, Jan Simonsen, er for sin del ikkje i tvil om at Framstegspartiet bør slå lag med Arbeidarpartiet i denne saka.- Eg har rett nok ikkje lagt nokon prestisje i mitt standpunkt, men faglege omsyn har overtydd meg om at vi er best tente med ein desentralisert modell. Derfor er det ei god løysing å la Statens kartverk ha hånd om tinglysinga. Held på sorenskrivarkontora Men det er gruppemøtet i Frp i dag som har det endelege ordet, og det rettar eg meg sjølvsagt etter, seier Simonsen til BT.Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V) har eit mellomstandpunkt:- Eg har stor sympati for å laga eit sentralt plassert register i Hardanger. Men eg vil halda fast på at folk også i fremtiden må kunne gå til sorenskrivarkontora for å ordnet med tinglysingssaker. Det er det vilkåret eg og Venstre stiller for å skipa eit sentralt register, seier Dørum. Nistad fekk idéen Dersom ikkje hardingane får tinglysingsregisteret til Kinsarvik, kan dei fremfor nokon knyta nevane mot Sogndals-kvinna Astrid Marie Nistad (A). Ho tek personleg æra - eller ansvaret - for at regjeringa held på Statens kartverk og dei nitten fylkeskontora som best eigna til å ta seg av tinglysingssakene.- Det var i juli i fjor at eg kom på idien, og laga eit notat for Justisdepartementet. Eg er takksam for at departementsfolka kjøpte den.Eg er nemleg overtydd om at dette opplegget er meir distriktsvennleg enn å sentralisera alt til berre ein stad i landet, seier Nistad. Folkvord i klemme Gard Folkvord, som er einaste Ap-representanten frå Hardanger, vil ikkje utan vidare bøya seg for partiviljen. Han fortel til BT at han vil be parlamentarisk leiar Hill-Marta Solberg om lov til å røysta for Kinsarvik.- Dette bør ikkje vera noko prestisjesak for partiet, seier Folkvord.Dei andre Ap-representantane frå Hordaland er ikkje i same klemme. Leif Lund seier det slik:- Eg kan ikkje tenkja meg at vi vil bryta ut i denne saka. Regjeringa sitt opplegg er desentralisering på ein fornuftig måte.

Les også: Utfordrer Ap-topper