Det var under talen i samband med opninga av det nye klimabygget at næringslivstoppen karakteriserte sognebygda.

– Lenger vekk frå sivilisasjonen er det vel nesten ikkje råd å kome, sa han.

Ulltveit-Moe har gått inn med 15 millionar, og dermed finansiert kring to-tredelar av nybygget som har fått namnet Ulltveit-Moe senter for klimaforståing.

Den tidlegare NHO-presidenten fortalde ærleg nok at han inntil for halvtanna år sidan ikkje hadde følt global oppvarming som noko problem. Han hadde kosa seg med varme septembermånader, som han formulerte det.

Men så hadde han høyrt Olav Orheim halde eit føredrag om temaet. Dette, saman med det faktum at han har fått ei dotter, gjorde at han fekk augo opp.

– Eg har sett lyset, sa Ulltveit-Moe.

Det var då han skulle forklare kvifor han hadde investert så mykje i senteret, at han kom med skildringane av bygda.

– Eg oppdaga at dette bresenteret langt uti huttaheiti hadde mange fleire besøkjande enn universitetsmusea, sa Ulltveit-Moe.