HANS K. MJELVA

BT kunne i går melde at mange private barneskular er billigare enn dei kommunale, mellom anna fordi kommunane tek seg så godt betalt for Skulefritidsordninga (SFO).

Ruth Grung, som representerer Arbeidarpartiet i komite for oppvekst, er ikkje overraska og meiner kommunen har mykje å lære av dei private skulane.

— Klart det. Difor har Arbeidarpartiet vore tilhengar av at ein skal ha ein del private skular, rett og slett for å gje alternativ og for å gje ei dynamisk utvikling av læringsmiljø, seier Grung.

Også når det gjeld kostnader og økonomi meiner ho kommunen kan lære av dei private.

— Eg tykkjer mykje i Bergen kommune er tungdrive. Både på engasjementet frå foreldra og på styring av ressursane har vi mykje å lære av private, seier Grung, som har engasjert seg sterkt mot at byrådet har auka SFO-satsane i Bergen med over 40 prosent i år.

Overraska oppvekstbyråd

Oppvektsbyråd Hans-Carl Tveit seier han var overraska over det som kom fram i gårsdagens BT. Mellom anna tek privatskulen Hosanger Montessoriskule på Osterøy 1000 kroner månaden i foreldrebetaling, halvparten av prisen til ei kommunal SFO-plass.

— Ja, at det var såpass stor forskjell var litt overraskande, seier Tveit.

Han vil likevel ikkje gå med på at dei kommunale skulane er unødig dyre.

— Det er eit spørsmål om korleis dei organiserer seg, både når det gjeld vaksentettleik, lokale og løns- og kostnadsnivå. Det er òg eit betydeleg innslag av dugnad i dei private skulane, så det blir som å samanlikne eple og poteter, seier Tveit.

Færre SFO-timar i 2005

— Men det ville vel kanskje bli billigare for kommunen å privatisere alle skulane?

— Det er ei uaktuell problemstilling. Vi skal ha ein god offentleg skule både i Bergen og andre stader, seier Tveit, som òg meiner løns- og pensjonsvilkår kan vere med på å forklare kvifor private skular kan vere rimlegare enn offentlege.

Regjeringa har i neste års statsbudsjett gått inn for å auke timetalet for 1.-4. klasse, som er dei som brukar SFO-ordninga, med fire timar i veka. Det vil skje frå neste haust, men Tveit kan ikkje love at færre SFO-timar vil gje lågare SFO-satsar.

— Det er ein av dei tinga vi må sjå på - korleis dette vil slå ut på kostnadene. Eg vil ikkje forskotere resultatet no, seier Tveit.