— Vi skal gjennomføre ei rolig, verdig markering når Reiten og følgjet hans kjem hit til Høyanger torsdag formiddag, seier Henden til Bergens Tidende.

Henden, som også er nestleiar for Norsk Kjemisk Industriarbeidarforeining sin klubb på metallverket, har ikkje høyrt noko som helst som skulle gje Hydro-toppane grunn til uro framfor besøket.

— Vi har sagt at vi vil ha ei sivilisert, stille markering av våre standpunkt. Vi meiner det er det beste for saka vår, for vi skal jo også ha ein vidare dialog med Hydro, seier ho.

Under den planlagde markering skal heile Høyangersamfunnet mønstrast, og stille langs vegen der Reiten sitt følgje skal kjøre gjennom sentrum.

— Heile vegen langs ruta frå byporten til Hydros administrasjonsbygg skal skuleelevar stå og vise fram hundre store portrettbilete av industriarbeidarar i Høyanger, fortel Henden.

Aksjonen vil på denne måten vise fram menneska som kan bli råka av dei avgjerdene konsernleiinga gjer. Som kjent har styret i Hydro avgjort at selskapet ikkje skal modernisere produksjonshallane i Høyanger og Årdal når dei går ut på dato og må stengast ned i 2006.

— Vi vil likevel møte dei på rolig vis, seier Henden.