Vanunu stiller til nettmøte på bt.no i dag! Skriv inn dine spørsmål her

Men korkje Bondevik-regjeringa eller Stoltenberg-regjeringa med SV på laget, ville la den israelske atomteknikaren få asyl i Noreg.

Dermed er statsråd Bjarne Håkon Hanssen og tidlegare statsråd Erna Solberg i same båt i denne saka:

Ingen av dei ville la Mordechai Vanunu få asyl trass i at han er utsett for klare brot på menneskerettane i Israel.

– Ikkje eit hår betre

– Det er feigt av begge regjeringar og involverte statsrådar å dekke seg bak juridiske og byråkratiske argument når dei reelle grunnane er politiske, seier forlagsredaktør Anders Heger. Han er leiar i Norske PEN.

– Bjarne Håkon Hanssen er ikkje eit hår betre enn Erna Solberg. Ein skulle tru at Stoltenberg-regjeringa ville ha mykje vanskelegare med å stille opp ei politisk grunngjeving for handteringa enn den førre. Det blir for dumt å nytte juridiske og byråkratiske argument som til overmål ikkje er haldbare, seier Heger.

– Større respekt av UDI

Då står det atskilleg større respekt av Utlendingsdirektoratet som to gongar har manna seg opp og utfordra politikarane for å få ei anna resultat, meiner Heger.

Ekspedisjonssjef Thor Arne Aass i Innvandringsavdelinga i Arbeids— og inkluderingsdepartementet opplyser no at UDI fekk oversendt instruksen frå statsråd Solberg om kva resultatet skulle bli, saman med søknaden frå Vanunu om asyl.

Trass i dette konkluderte UDI med at Vanunu oppfylte vilkåra for å få asyl. Men sidan dei var instruert om å fatte eit negativt vedtak, vart det avslag på søknaden.

Avslaget på asylsøknaden vart kjent gjennom ei pressemelding frå Erna Solberg, 15. april 2005. Få dagar seinare fremja Norsk PEN ein søknad til UDI om å godkjenne Vanunu som fribyforfattar og innvilge han asyl etter reglane om overføringsflyktning.

Ville bli instruert

I desember 2005, to månader etter regjeringsskiftet, la UDI fram ei ny vurdering av Vanunu-saka for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Dette departementet hadde då overteke flyktningsakene frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Med bakgrunn i at UDI året før var politisk instruert frå den ansvarlege statsråden (Erna Solberg) om å fatte eit negativt vedtak, bad UDI om at den nye statsråden, Bjarne Håkon Hanssen, gjorde bruk av instruksjonsretten han har til disposisjon, for å instruere UDI.

Siktemålet var openbert at UDI ynskte å bli instruert til å fatte eit positivt vedtak, og gje Vanunu asyl.

Men statsråd Bjarne Håkon Hanssen unnlet å nytte instruksjonsretten. Han hevdar nå at «grunnlaget var for svakt til å kunne vurdere bruk av instruksjonsmyndigheten».

Dermed stod den politiske instruksjonen frå Erna Solberg ved lag.

Feil juss

Bjarne Håkon Hanssen har hevda at det etter utlendingslova ikkje er høve til å innvilge asyl til personar som oppheld seg i heimlandet.

Dette er heilt i tråd med kva Erna Solberg har nytta som argument.

Men asyl- og flyktningsrettseksperten, lagdommar og nå postdoktor, Terje Einarsen ved Universitetet, har slege fast at dette er feil juss.

Det gjeld spesielt i forholdet til såkalla overføringsflyktningar.

Leiinga i Norsk PEN fastslår også at påstanden er i strid med ein fast praksis for behandling av såkalla fribyforfattarar. Norsk PEN har konkludert med at Vanunu oppfyller vilkåra: forfattar og forfylgd.

– Negativ særbehandling

– Dei forfattarane som har fått asyl i Noreg under fribyordninga, har stort sett ikkje vore i Noreg når dei har søkt asyl her i landet. Dei har anten vore i heimlandet eller i eit anna land, opplyser Carl Morten Iversen. Han er generalsekretær i Norsk PEN.

Han seier at han heller ikkje kan hugse eit einaste tilfelle der ein forfylgt forfattar som er blitt innstilt til asyl under fribyordninga, har fått avslag av norske styresmakter.

NEGATIV SÆRBEHANDLING: Mordechai Vanunu vart utsett for negativ særbehandling då Bjarne Håkon Hanssen ikkje ville oppheve Erna Solberg si asylnekting, meiner Norsk PEN.
HAIM ZACH