KJERSTI MJØR

Psykiateren Simon Wessely er professor ved Kings College i London, og har blant anna arbeidd tett på britiske soldatar etter Gulfkrigen. No følgjer han opp soldatar som kjem heim frå Irak. Men krisepsykologi får dei ikkje tilbod om.

Tvert om, Wessely er svært kritisk til idéen om emosjonell førstehjelp etter ulykker og katastrofar.

— Oppstår ein akutt situasjon, hald psykologane unna! Det finst ikkje fnugg av bevis for at dette verkar. Det bør folk vite, når dei får tilbod om krisepsykologi, seier Simon Wessely til BT.

Ikkje alltid bra å snakke

Professoren, som nettopp har vore i Bergen på ein fagkonferanse, har studert ei rekkje studier om krisepsykologi - eller debriefing, som engelskmennene kallar det.

— Alle konkluderer likt: Krisepsykologi reduserer ikkje posttraumatisk stress. Tvert om kan det å snakke om hendinga like etterpå, og bli fortald at du kan kome til å å oppleve posttraumatisk stress, vere nok til å utløyse psykologiske problem i ettertid, seier Wessely.

— For nokon kan det vere bra å snakke, for andre ikkje. Men berre i eit fåtal av tilfella er det nødvendig å overlate samtalen til psykologar eller psykiatrar. Vil du snakke, er det langt betre å gå til nokon som kjenner deg frå før: Familie, vener, legen din eller presten, seier han.

Praktisk hjelp

Briten meiner at folk først og fremst bør få praktisk hjelp etter store ulykker.

— Det klokaste er å gje folk ein telefon, så dei kan ringe heim og seie at dei er i live. I tillegg bør dei få informasjon om kva som faktisk har skjedd, og hjelp til å kome seg heim, svarar Wessely kontant.

Han understrekar likevel at krisepsykologi er av det gode i visse tilfelle.

— Studier viser at mellom ti og tjue prosent av dei som opplever potensielt traumatiske hendingar, treng hjelp. Men dette betyr samtidig at ein kastar bort store ressursar på masse folk som ikkje treng det, seier Wessely til BT.

— Ei lita gruppe vil etter ei tid ha behov for hjelp, men opplever då at dei ikkje får noko tilbod frå hjelpeapparatet. Då er psykologane vekke!

Trend på retur

Internasjonalt er krisepsykologi ein trend på retur, ifølgje Wessely. Men her i landet er kriseteam raskt på pletten etter større ulykker, og fagfeltet er spøkjefullt blitt kalla «Noregs nye vekstnæring».

— Kvifor er det slik?

— Forklaringa kan vere at de i Norge fann opp krisepsykologien. Iallfall var psykologen Atle Dyregrov svært viktig i dette arbeidet, seier Wessely.

— Det viser seg ofte at der nye behandlingsformer blir utvikla, oppstår det gjerne ei patriotisk tilknyting til metoden, sjølv om resten av verda går vidare.

KRITISK TIL KRISEHJELP: Professor Simon Wessely meiner at det ikkje finst vitskaplege bevis for at krisepsykologi er til hjelp etter store ulykker. - Folk er som regel tøffare enn vi trur. Dei fleste som blir utsett for eit traume, kjem over det likevel, seier han til BT.<p/>FOTO: GIDSKE STARK