— Dette er ikkje noko anna enn å kjøpe seg avlat, seier Jan Ivar Rødland, leiar i folkeaksjonen mot kraftlinje gjennom Hardanger og påtroppande ordførar i Granvin.

Det var på Norges Energidagar denne veka at olje- og energiminister Åslaug Haga (Sp) opplyste at staten vurderer å gje kompensasjon til kommunar som får store kraftlinjer. Dette skal skje i form av pengar til miljø- og næringsfond.

— Statsråden ønskjer å kjøpe seg fri, konkluderer Bjørn Lødemel, hornindalordføraren som har fronta kraftlinjemotstanden i Sogn og Fjordane.

Sikrare forsyning

Lødemel vil ikkje ein gong vere med på å diskutere ei slik løysing på den betente striden mellom kommunane og staten om dei to gigantiske kraftlinjene Statnett vil byggje på Vestlandet:

— Det er heilt bak mål å snakke om miljø- og næringsfond som kompensasjon. Pengar kan ikkje erstatte dei veldige inngrepa vi snakkar om her. Dette er noko vi vil avvise fullstendig, seier Lødemel.

Både i Hardanger, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre er det veldig motstand mot luftspenna. Linja gjennom Hardanger skal sikre straumforsyninga til Bergen. Frå Fardal i Indre Sogn skal ei 300 kilometer langt kraftlinje til Ørskog på Sunnmøre rette opp kraftunderskotet i Møre og Romsdal. Dette er i hovudsak skapt på grunn av Hydros modernisering av aluminiumverket på Sunndalsøra, og utbygginga av Ormen Lange.

Gult kort frå Unesco

Unesco har åtvara norske styremakter mot å gjennomføre prosjekta som vil gå midt gjennom nokre av dei vakraste fjordområda på Vestlandet. Organisasjonen trugar med at dei vil måtte vurdere plassen vestlandsk fjordlandskap har på den prestisjetunge verdsarvlista, dersom det blir alvor av utbygginga.

Mastene som skal bere kraftleidningane vil bli opp mot 45 meter høge. Under linja skal det ryddast eit kring 40 meter breitt belte. Fleire stader skal kraftleidningane krysse verna eller verneverdige område. Dei veldige dimensjonane gjer at naturvernarar meiner kraftlinjene er dei største naturinngrepa nokon gong på Vestlandet.

Fleire steg tilbake

Haga sa under energikonferansen i Oslo at ho vil leggje auka vekt på varsam utbygging, men at det også vil bli bygt store kraftlinjer.

Alternativet til motstandarane er å få langt linjene i kabel. Jan Ivar Rødland meiner Åslaug Haga med utspelet under energidagane, har sett kampen for å få ei slik løysing fleire steg tilbake.

— Den siste tida har det kome fleire utspel som har vore positive til våre krav. Ikkje minst kunnskapen om at ny teknologi vil gjere kabling langt billegare. Eg kan ikkje forstå kvifor staten ikkje kan ta seg tid til å vente.

Rødland seier han er overraska over utspelet til Haga, mellom anna fordi han meiner det strir mot det regjeringspartia har gått inn for.

Estetikk viktig, seier Haga

— Korleis skal vi sikre storsamfunnet sitt behov for kraft, samstundes som vi tek omsyn til småsamfunna. Det er det krevjande spørsmålet her, seier Åslaug Haga.

Ministeren seier ho er oppteken av estetikken og belastninga linjene utgjer for lokalsamfunna. Derfor skal kabel i bakken vurderast, spesielt i sårbare område. Om dette gjeld i Hardanger og Sogn og Fjordane seier ho nei til å snakke om no.

— Der kabling ikkje er mogeleg, ønskjer vi å stille opp med økonomisk kompensasjon. Eg registrerer at ikkje alle ønskjer dette, og vi vil sjølvsagt ikkje tvinge nokon til å ta imot pengar, seier Haga.

Bjelland, Håvard