Det meiner folkerettseksperten Gro Nystuen som er førsteamanuensis ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo.

— Det som har kome fram er veldig alvorleg. Å bemanne automatvåpen i militære køyretøy med legar som ber Raude Kors-merket på armen, inneber ei klar krenking av det vernet Raude Kors-emblemet er sikra. Reglane er gitt for å ivareta tryggleiken til helsepersonellet. Og det inneber eit krigsbrotsverk å skyte på helsepersonell som er utstyrt med dette emblemet, seier Nystuen.

Regelverket er fastsett gjennom fire Genève-konvensjonar og to tilleggsprotokollar.

Nystuen meiner det er i nærleiken av «svikefull framferd» når helsepersonell, utstyrt med Raude Kors-emblem, blir sett til å bemanne automatvåpen i militære køyretøy.

Generalsekretæren i Norges Røde Kors, Trygve Nordby, rettar krass kritikk mot Forsvaret. Han meiner det er eit klart brot på Genève-konvensjonane.