- Grensesprengande dobbeltmoral

Talsmenn for regjeringspartia er i opprør etter at dei har fått kjennskap til at Erna Solberg overkøyrde UDI for å hindre at Vanunu fekk asyl i Noreg.

Les også:

Samstundes kjem nå kravet om at asylsøknaden frå Vanunu må vurderast på ny.

- Denne saka må vi ta opp omgåande, seier stortingsrepresentantane Ågot Valle og Bjørn Jacobsen frå SV.

Det same seier nestleiaren i SV, Audun Lybakken.

- Dei opplysningane Bergens Tidende nå kan framlegge, er sjokkerande. Eg vil kalle dette «grensesprengande dobbeltmoral» frå Erna Solberg si side. Ho har med styrke hevda at politikarane ikkje skal blande seg opp i behandling av asylsaker. I denne saka kan det ikkje vere anna enn reint politiske motiv som gjorde at ho gjekk inn og instruerte UDI om å fatte eit negativt vedtak. Snakk om å blande korta, seier Lysbakken.

- Dette er heilt sjokkerande. Det går ikkje an at så klare politiske omsyn skal overstyre dei faglege vurderingane. Vanunu var ein viktig varslar i ei utruleg viktig sak som spreiing av atomvåpen. Eg skulle likt å vite kva slags omsyn som ligg bak denne politiske overstyringa. Dette handlar i alle fall ikkje om omsynet til rikets tryggleik, seier Valle.

Marit Nybakk (Ap) som sit i utanrikskomiteen saman med Ågot Valle, reagerer også sterkt:

- Det som har skjedd er veldig overraskande. Søknaden frå Vanunu om asyl måtte utan vidare stå sterkt. Det skulle svært tungtvegande grunnar til for å avslå ein slik søknad.

Med dette aukar også presset på dagens regjering. I opposisjon retta mellom andre SV-leiar Kristin Halvorsen og Sp-leiar Åslaug Haga flengande kritikk mot Erna Solberg og Bondevik-regjeringa for handteringa av Vanunu-saka. Då visste dei ikkje at UDI hadde gått inn for å gje han asyl.

Les også

Siste fra Innenriks

Bergensbanen i drift igjen etter solslyng

Trafikken på Bergensbanen er i gang igjen etter en kort stans på grunn av solslyng ved Hallingskeid lørdag.

Varmen stopper Bergensbanen

To persontog står fast ved Hallingskeid.

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Spår bondesmell for de rød-grønne

Valgforsker Frank Aarebrot tror striden med bøndene om årets jordbruksoppgjør vil resultere i en skikkelig baksmell for den rødgrønne regjeringen neste år.

Seks pågrepet i doping-razzia

Seks personer ble pågrepet da politiet natt til lørdag gjennomførte razzia mot to utesteder i Trondheim. Flere hundre gjester ble sperret inne mens aksjonen pågikk.

44.000 kan være i streik over pinse

- Vi regner med at dette vil merkes godt, sier lederen av LO stat, Tone Rønoldtangen.

Lederstillinger

Stillinger