Det meiner Bjørn Christensen. Vossaordføraren som også er landstyremedlem trur at uroa kjem til å halda fram til landsmøtet i november..

— Fora av anonyme kjelder i Oslo, kjem media til å halda fram med debatt som berre vil skapa uro og uvisse på grasrota i partiet, hevdar han Christensen er samd med partileiinga som ønskjer ein open debatt om leiarspørsmålet. Men han trur at dette er umogeleg å få til no.

— Partiet treng ein debatt som startar nede på grasrota og går oppover i organisasjonen. Det vert ingen open debatt dersom det alltid skal vera leiinga og sentralstyret som legg premissane. Det er det som har skjedd i leiarstriden, seier ein openhjarta nestleiar i Hordalans Arbeidarparti.. Kan kvela politisk diskusjon

Han legg ikkje skjul på at han er uroleg over partiet si framtid. Spesielt bekymrar det han at leiarstriden kan kvela politisk debatten om kva politisk retning partiet bør ta for å reisa seg etter det katastrofale valnederlaget.

— Vi har ikkje råd til slikt i tider som desse, seier han.

Christensen understrekar at han reknar seg som personleg ven både av Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg.

— Eg tykte vi hadde fått den perfekte leiarduoen då Thorbjørn vart leiar og Jens vart statsministerkandidat for halvanna år sidan.

— Kva tykkjer du i dag?.

— Eg skulle ønska at det hadde gått litt betre. Meir kan eg ikkje seia., seier han .