TERJE ULVEDAlterje.ulvedal@bergens-tidende.no

Mor til Arve Beheim Karlsen engasjerer seg sterkt i det som kan sjå ut til å vere eit nazidrap i ho-vudstaden.

— Eg ønskjer så sterkt å gjere noko. Eg håpar å kunne reise til Oslo og møte mor hans, seier ho til Bergens Tidende.

I april for snart to år sidan, miste adoptivsonen hennar, indiskfødde Arve, livet då han drukna i Sogndalselvi. Det siste venene såg til Arve var at han blei forfølgd av to ungdomar under ei bru over elva gjennom sentrumsområdet i Sogndal.

— Drep han! Drep negeren, høyrde vitne dei to rope då dei sprang etter Arve.

Framleis er det eit mysterium kva som skjedde dei siste minutta av den indisk-fødde ungdom-mens liv. Dei to ungdommane frå Naustdal blei sikta for drap, men påtalemakta har ikkje funne bevis.

- Vi må engasjere oss Politiet har difor lagt vekk drapssiktinga, og når rettsaka tek til i mars møter dei to tiltalt for trus-lar. Statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil heller ikkje tiltale dei to ung-dommane etter rasismeparagrafen.

— Sjølv om mange ting er ulike med dødsfalla til Arve og Benjamin, er årsaka den same etter mitt syn, seier Kari Beheim Karlsen. Ho legg ikkje skjul på at det ho snakkar om er rasisme og framandfrykt.

— Det er vesentleg at vi engasjerer oss. Visst kostar det, men det er ein kostnad vi må ta. Vi må ikkje bli passive. I staden må vi vise klart og tydeleg at vi tek avstand, seier Kari Beheim Karl-sen.

Arves død, førte det til sterke reaksjonar frå heile landet. Mange stader gjekk folk i protesttog etter at han blei funnen drukna.

Mange minne No er same mobiliseringa i ferd med å vekse fram etter at den 15 år gamle osloguten med afri-kansk far vart stukken i hel med kniv fredag kveld.

— Eg kan tenkje meg kva mor til Benjamin no går gjennom. Eg kan klare å setje meg inn i hennar situasjon. Difor ønskjer eg å møte henne, og prate med henne. Eg vil ta kontakt. På kva slag måte har eg ikkje heilt bestemt meg for enno, seier Kari Beheim Karlsen.

I første omgang vil ho reise til Oslo for å ta del i gravferda til 15 år gamle Benjamin Hermansen.

MARERITTET: I april for snart to år sidan miste indiskfødde Arve Beheim Karlsen livet då han drukna i Sogndalselvi. No gjenopplever mora Kari marerittet. (FOTO: ØYSTEIN TORHEIM)