• Framfor fylkestingsvalet om to år må Kristeleg Folkeparti reindyrka profilen sin, og søkja samarbeid med Arbeidarpartiet. Det er berginga for partiet.

Han som seier dette er vonbroten, men ikkje overraska over det dårlege valresultatet til Kristeleg Folkeparti.

Lorentz Lunde (biletet) var KrF-ordførar i Tysnes i førre periode. I 2003 sa han nei til attval, trøytt og lei av ein distrikts— og kommunepolitikk prega av Høgre sin ideologi, og med hans kjære Kristeleg Folkeparti som haleheng.

— Det er sårt at dei har stelt seg slik. No er partiet halvert. Men det gjekk som det måtte gå. At det måtte enda slik, har stått klårt for meg heilt sidan Kristeleg Folkeparti gjekk inn i regjeringssamarbeid med Høgre i 2001.

— Den gongen hamna Kristeleg Folkeparti i dårleg selskap, seier Lunde.

— Men no, når partiet går over i opposisjon, da kan dei vel gå attende til sine hjartesaker og reindyrka dei. Trur du KrF då kan få eit oppsving?

— Kanskje. Men eg vart litt skeptisk valnatta då eg høyrde Dagfinn Høybråten seia at KrF vil halda fram samarbeidet med Høgre i opposisjon. Det tyder på at Høybråten ikkje har forstått kva som har hendt.

— Korleis meiner du at Kristeleg Folkeparti må te seg no i Stortinget?

— Partiet må løysa seg frå hopehavet med Høgre, og finna attende til partiprogrammet. KrF har rett nok fått gjennomslag for ein god del verdisaker i regjeringa. Men når det gjeld kommunepolitikk, distriktspolitikk og landbruk må partiet innsjå at det også finst andre verdiar enn debet og kreditt, seier Lorentz Lunde.