Statsadvokaten hadde gjort framlegg om å tiltale Viksveen for brot på fleire av dei såkalla spionparagrafane i straffelova.

Riksadvokaten har kome til at det ikkje vil vere råd å føre prov for slike brot i retten. Difor er saka lagt vekk.

— For oss er dette jamgodt med ein full siger, seier forsvareren til Stein Viksveen, Atle Helljesen i ein kort kommentar til Bergens Tidende.

Riksadvokaten har kome til at det ikkje finst prov på at Viksveen har overlevert sensitivt materiale, at han ikkje har hatt forsett om å levere slikt materiale, sjølv om han har hatt kontakt med representantar for Stasi.

Stasi var den aust-tyske etterretningsorganisasjonen som var aktiv inntil Berlin-muren fall i 1989.

Viksveen har vore sikta for spionasje i to år. Han vart sikta for å ha spionert for det tidlegare Aust-Tyskland frå 1962 til 1989. Han har heile tida nekta blankt for å ha gjort noko straffbart.

Det er søndag på dagen to år sidan det norske overvakingspolitiet med hjelp frå belgiske kollegaer, ransaka kontoret og leiligheten til Viksveen i Brussel. Det vart gjort omfattande beslag.

Avgjerda frå riksadvokaten framstår samstundes som eit voldsomt nederlag for overvakingspolitiet og leiande personar i påtalemakta, med førstestatsadvokat Lasse Qvigstad i spissen. Dei har satsa maksimalt på å «ta» og avsløre Viksveen som storspion.

HENLAGT: Stein Viksveen blir ifølge VG Nett ikke tiltalt.
ARKIVFOTO: SCANPIX