• Det er eit kjent fenomen at mange flyktningar er skeptiske til tolkar. Dei fryktar at det dei seier blir misbrukt av tolken.

Det seier mottaksleiar Petter Borthen ved Vestlandsheimen Statlige Mottak i Åsane.

Til saman har Vestlandsheimen og Breistein Statlige mottak i Åsane 320 bebuarar frå 35 forskjellige nasjonar.

I følgje mottaksleiar Borthen er det eit voldsomt tolkebehov ved mottaka. Dei to mottaka i Åsane klarar sjølve å dekkje dei fleste språk, men må også hente inn hjelp frå Tolketjenesten i Bergen.

— Det er svært vanskeleg å få dei som bur ved mottaka til å snakke ope om dette problemet. Det er eit gjennomsiktig miljø, med få tolkar, og dei er redde for konsekvensane, seier mottaksleiaren.

— Det er svært viktig at flyktningar kjenner seg trygge i den situasjonen dei er i, trygge både på tolkane og på oss som arbeider her, seier mottaksleiar Petter Borthen.

Den Islamske Forening i Bergen har ikkje kjennskap til saker der tolkar har arbeidd som agentar.

— Eg trur nok at enkelte grupper kan ha slike problem, men har ikkje høyrt om det sjølv. Elles trur eg personleg at miljøet i Bergen er så lite at her er få om nokon eksempel i det heile, seier styremedlem Azam Farooqui i Den Islamske Forening i Bergen.