• Dei siste fem åra har talet på kvalifiserte søkjarar utan studieplass auka, seier Dag Ole Teigen (Ap).

— For fem år sidan då Ap hadde regjering, var det 1769 søkjarar som ikkje fekk tilbod om studieplass. Talet har stige kvart år, og i fjor var det 7758 som stod utan plass, seier Dag Ole Teigen, femtekandidat for Hordaland Ap.

Etter første opptaksrunde gjennom Samordna opptak i år, står 11.000 kvalifiserte søkjarar utan studieplass.

Teigen seier til BT at Arbeiderpartiet fryktar eit eliteuniversitet.

— UiB er no heilt lukka, og det er spesielt at det skjer for andre år på rad. Regjeringa kutta 4000 studieplassar i fjor haust. Samstundes veit ein at kullet som byrja på vidaregåande skule i fjor var mykje større enn det som gjekk ut. Det betyr at det om ikkje mange år kjem til å vera endå fleire som ikkje får plass, seier ungdomskandidaten.