Nå meiner regjeringspartnarane at dette betyr drahjelp til å få Ap «på plass». — Eg kan ikkje sjå det annleis enn at det bør opplevast som pinleg for Ap og Jens Stoltenberg når Frp-formann Siv Jensen meiner Frp og Ap er på line i klimapolitikken.

Dette seier stortingsrepresentant Rune Skjælaaen (Sp) Hordaland til Bergens Tidende.

- Tankekors for Jens

— Frp er eit parti som har null truverd i miljø- og klimapolitikken. Det må då vere eit tankekors for Jens Stoltenberg å få ei slik «klam omfamning» frå Frp som meiner at kutt i klimagassutsleppa skal takast i utlandet, seier Skjælaaen.

Både SV og Senterpartiet har tilliks med Høgre, Venstre og KrF forplikta seg til at 2/3 av dei utsleppsreduksjonane Noreg har forplikta seg til å ta, må skje her heime. Det er dette standpunktet Ap og Jens Stoltenberg, sterkt pressa av LO, har stått hardt imot.

- Klar tale frå Martin

SV-representanten Hallgeir Langeland frå Rogaland er også klar på at omfamninga frå Frp-formannen må verke til å presse Ap:

— Ja det er heilt klart. Partisekretær Martin Kolberg i Ap har dessutan sagt at vi ikkje skal samarbeide med Frp korkje lokalt etter kommunevalet eller i nokon annan samanheng. Det ville då sjå veldig rart ut om den einaste moglege allierte til Ap i miljø- og klimasaka, skulle vere nettopp Frp.